– Skal du over fjellet, bør du køyre i dag

Slapseføre og glatte vegar skapar trøbbel på fjellovergangane mellom aust og vest, og verre skal det bli gjennom helga. – Kom deg over fjellet i dag, oppmodar Vegvesenet.

Hardangervidda september 2018, ved Dyranut

HARDANGERVIDDA: Slik ser det ut på rv. 7 over Hardangervidda.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Her får du oversikt over fjellovergangane i Sør-Noreg.

– Dei var heldige. Det er farleg å køyre med sommardekk over fjellet no, seier lensmann Jørn Morten Sletta.

På Dombås kolliderte to bilar på glatta på E6. Den eine bilen hadde sommardekk. Rv. 7 over Hardangervidda var stengt i ein time på grunn av bilberging av fire vogntog.

Kollisjon Dombås

GLATT: To bilar kolliderte på E6 Dombås fredag morgon.

Foto: INGER JOHANNE SOLLI / NRK

Nullføre gjer at Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om vanskelege køyreforhold i fjellet og låglandet.

– Det er snø og is med fare for glatte parti på alle fjellovergangane i Sør-Noreg, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille.

Det skal bli verre seinare i helga. Trafikkoperatøren har eit klart råd til deg som lurer på om du skal dryge turen over fjellet til seinare i helga.

– Fredag er den beste dagen for å ta seg over fjellet på. Frå laurdag av vil det blåse ganske mykje, seier Nedberge Hille.

Det er venta opp mot stiv kuling både på Sognefjellet og Hardangervidda. Får ein sterk vind saman med snøbyer og nullføre, vert det fort utfordrande for bilistane.

– Ein kan risikere stengde fjellovergangar. Kombinasjonen av mykje vind og snø kan gi dårleg sikt, seier Nedberge Hille.

Roger Nedberge Hille

GLATTE PARTI: Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille, melder om glatte parti på fjellovergangane i Sør-Noreg.

Foto: Jan Christian Jerving

– Kost støvet av vinterdekka

Frå laurdag av er det venta meir av både vind og nedbør.

– Det kjem inn ein front på laurdag som vil gi mykje vind i fjellet og meir nedbør, seier meteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Med kvitt på bakken og låge temperaturar må sommardekk vike for vinterdekk.

– Sommardekk høyrer sommaren til. No er det kvitt på vegen og vinterføre. Kost støvet av vinterdekka og få dei på bilen, seier Nedberge Hille.

Det har vore fleire trafikkuhell på fjellovergangane sidan torsdag. På rv. 15 over Strynefjellet køyrde eit vogntog i fjellveggen torsdag. Då gjekk brannvesenet ut med åtvaring om glatt veg.

– No i overgangen mellom haust og vinter bør ein ta det ekstra roleg på vegane, oppmodar Nedberge Hille.

Laster Twitter-innhold

Slik er det på fjellovergangane fredag kl.16:45:

  • E16 Filefjell: Stadvis snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Snø- og isdekke.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Snø- og isdekke.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, snøslaps, fare for glatte parti.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fv. 13 Gaularfjell: Snødekke.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet: Fare for glatte parti.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Snø- og isdekke.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke.
  • Fv. 381 Stordalen: Snø- og isdekke.
Stordalen

FV. 381: På vegen mellom Bjordal - Matre er det mykje snø i vegbana.

Foto: PREBEN BIRKELAND SØREIDE