NRK Meny
Normal

Snø- og steinras stengjer Flåmsbana

Natt til søndag gjekk det eit snø- og steinras ved Blomhellertunnelen i Aurland. Raset stengjer Flåmsbana og på grunn av dårleg vêr blir oppryddinga starta opp tidlegast måndag.

Flåmsbana

STENGD: Flåmsbana er søndag stengd etter eit snø- og steinras ved Blomhellertunnelen.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi fekk beskjed om raset klokka 03 natt til søndag. Vi hadde mannskap i området som rykte ut til staden. Det er kome ned ganske mykje stein saman med snøen, fortel Kjell Bakken som er pressevakt i Jernbaneverket til NRK.no.

Ventar på geolog

Steinane skal ha gjort skader på sjølve skjenegangen, og det er uvisst kor tid ein kan rekne med at banen opnar att.

– Slik forholda er no, med stor rasfare og mykje nedbør venta det komande døgnet, har vi utsett oppryddinga til måndag, seier Bakken.

Ein geolog skal då også undersøke området.

– Vi må finne ut kor sikkert det er å jobbe der, og kort tid vi kan starta opp arbeidet. Mannskapet sin tryggleik kjem først, difor må vi vente, seier Bakken.

Blomheller tunnel ligg sør for stasjonen på Blomheller (458 meter over havet).

Laster kart, vennligst vent...

Håpar på opning i morgon

Måndag er det venta betre vêr. Dersom oppryddinga får starte opp måndag ventar Jernbaneverket at banen også kan opne att i løpet av dagen.

Flåmsbana er rasutsett og det har fleire gonger tidlegare gått ras som har stengd banen. Det er langt mindre trafikk på Flåmsbana vinterstid enn om sommaren, og det går no fire avgangar dagleg frå Flåm til Myrdal og tilbake.

Passasjerar som skulle ha nytta banen må no nytte seg av alternativ transport, opplyser Bakken.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser