Longva meiner SND, til liks med andre aktørar, er blitt langt meir marknadsretta dei siste åra, og at SND ynskjer private eigarar i Fundamus.
Kommunen har gjort ein god jobb som eigar, meiner Kjartan Longva.
Nei takk til utbytte
Høyanger kommune eig 70 % av felgprodusenten Fundamus, og dei gjekk inn i bedrifta for å redde arbeidsplassane for snart to år sidan. – Vi har gjort ein god jobb som eigar, og der er nok av døme på private eigarar som ikkje har gjort det same, seier Høyanger-ordføraren. Mellom anna tek ikkje kommunen ut utbytte frå selskapet, overskotet blir pløygd attende i bedrifta.
Kommunen bør selje
SND-direktør Halvor Flatland stiller seg uforståande til utspelet frå Longva. – Vi er ikkje skeptiske til kommunen som eigar, da hadde vi ikkje vore med på den langsiktige finansieringa, seier Flatland. Men han stadfestar at han meiner kommunen no bør selje seg ut av Fundamus, og viser til at det no er oppgangstider og gode resultat for Høyanger-bedrifta.