Hopp til innhold

Rekordraskt ut av verstingliste etter kutt på 15 millionar

Høyanger måtte spare nær 11 millionar for å kome seg ut av lista over norske kommunar med dårleg økonomistyring. Men på eitt år klarte dei å kutte om lag 15 millionar, og er rekordraskt ute av ROBEK-registeret.

Høyanger tettstad

LYSARE TIDER: Høyanger har på rekordtid klart å kutte 15 millionar kroner, og er snart ute av den såkalla ROBEK-lista.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det å vere i ROBEK var ikkje heilt greitt, og det skulle berre vere eitt år. Vi fekk eit veldig sterkt mandat frå politikarane på å gjere dei grepa vi trengde å gjere for å kome oss ut, seier rådmann Arve Varden i Høyanger til NRK.

Kutta meir enn naudsynt

Den ein gang så rike kraftkommunen i Sogn stod brått i ei krise. Oppsamla millionunderskot på drifta sende dei rett inn på lista over kommunar som ikkje lenger styrte sin eigen økonomi.

Politikarane vedtok kutt på 10,8 millionar, men iherdig innsats frå dei tilsette gjorde at dei kutta 15 millionar. Pengar som no går inn eit kommunalt fond, og snart er kommunen ute av ROBEK-lista.

– Alle viste ein enorm innsats, både leiarar, tillitsvalde og alle tilsette, seier Varden.

Treng verktøy for å kome seg ut

I Askvoll må ordførar Frida Melvær innsjå at ho styrer ein av i alt 54 kommunar i Norge som må få all økonomien sin godkjend av staten, til dei sjølv klarer å skape tilstrekkelege kutt og inntekter. No har kommunen blitt med i eit nettverk av kommunar med dei same utfordringane.

– Slik dette er lagt opp, så trur eg det vil vere veldig god hjelp. For ein ting er det at du skal kome ut av ROBEK, men ein skal også i framtida bli verande utanfor. Då treng vi slike verktøy, seier Melvær til NRK.

Byggjer opp fond

Askvoll har mellom anna kutta i skuletilbod for å få betre økonomi, og i 2016 vonar dei igjen å stå på eigne bein økonomisk. I Høyanger innrømmer rådmann Arve Varden at det eine året på den kommunale verstinglista blei ein vekkar.

– Vi har ei forståing i heile organisasjonen at i tillegg til å drifte kostnadseffektivt, men med best moglege tenester, så skal vi også byggje oss opp eit fond som vi skal ta i vare dei dårlege tidene. Vi erkjenner som alle andre at uåra kjem uansett, slår rådmannen fast.

ROBEK-kommunar

Kommunar:

Inn i ROBEK:

Ut av ROBEK:

Høyanger

2014

2015

Vik

2007

Uvisst

Lærdal

2013

Uvisst

Årdal

2013

Uvisst

Askvoll

2014

2016

Bremanger

2008

Uvisst

Selje

2014

Uvisst

ROBEK er registeret over norske kommunar med dårleg økonomistyring.