Snart tiltale i knivstikkingssak

Politiet er snart ferdige med å etterforska knivstikkinga som skjedde i Sogn i september, skriv Porten.no. Det var ein son som i slutten av september knivstakk si eiga mor. Det blir truleg teke ut tiltale snart, seier politiet til nettavisa. Mannen sit framleis i varetekt, fram til 19. november.