Hopp til innhold

Snart skal dei få synge for heile landet

Anna (12) og Vilde (12) trudde dei berre skulle på audition nummer to. I staden fekk dei vite at dei er blant ti finalistar i Melodi Grand Prix junior.

To jenter holder om hverandre

OVERRASKA, MEN GLADE: Anna Naustdal (til høgre) og Vilde Hjelle skal i november kjempe om å få representere Norge i MGP jr. – Det hadde vi ikkje trudd, for det var så mange flinke, seier dei.

Foto: Tonje Bergmo / NRK

12-åringane Anna Naustdal og Vilde Hjelle frå Nordfjordeid trudde knapt det dei fekk høyre då dei fekk beskjeden.

– Eg klarar ikkje heilt å sjå det føre meg endå, seier Anna.

Det er to svært glade jenter vi får snakke med etter at dei har vore på det dei trudde var ein vanleg audition hos NRK i Oslo. Den første var dei på torsdag i førre veke.

– Vi trudde det var ein heilt normal audition, men så begynte dei å tulle med oss. Dei sa at vi måtte gjer oss store på ein liten firkant og synge refrenget i songen vår, og så spurte dei om litt forskjellig, fortel jentene.

Kom som ei stor overrasking

Då jentene fekk spørsmål om kor lenge dei trudde dei måtte vente med å få vite kven som går vidare, måtte dei gjette. Først gjetta dei tre veker, så to veker, så ein dag, ein time. Men svaret skulle dei få der og då.

– Dei drog vekk ei gardin frå veggen, og der var det bilete av alle dei andre finaledeltakarane, fortel jentene.

– Kva gjorde de då?

– Vi heldt oss for munnen, og så begynte vi å lage «ååh»-lydar, og så grein Anna ...

– Nei, det gjorde eg ikkje, seier Anna og ler.

Anna Naustdal og Vilde Hjelle

FULL JUBEL: Anna og Vilde gler seg til å synge framfor heile Oslo Spektrum, og resten av Norge via TV-skjermen.

Foto: Privat

Spente på å synge i Oslo Spektrum

Begge jentene elskar å synge, og har delteke på UKM fleire gonger. Dei to møttest gjennom skiskyting, og i fjor opptredde dei for første gong saman, med songen «Vintersong» på UKM.

No skal dei få eit langt større publikum, for 5. november blir dei å sjå som eitt av finaleinnslaga i Oslo Spektrum.

– Eg trur det blir veldig spennande, seier Vilde.

– Det blir veldig kjekt. Eg har alltid ønskt å skrive autograf, så vi må begynne å øve no, seier Anna.

Eitt av over 1000 bidrag

Heile 1312 bidrag kom inn, nesten 600 meir enn i fjor. Blant desse er altså dei to Nordfjord-jentene plukka ut.

Songen dei skal delta med heiter «Vestlandet» og er skriven av Vilde.

– Den handlar om at det er fint på Vestlandet, og at du alltid har lyst å flytte, men så når du skal til å gjere det, så vil du ikkje likevel, fortel tekstforfattaren.

Etter at dei fekk den glade nyheita har dei vore intervjua i radio, og blir også å sjå i Dagsrevyen torsdag kveld. I tillegg har dei allereie fått mange gratulasjonar. No blir det litt feiring i hovudstaden.

– Vi skal ete pizza og is, og shoppe.