NRK Meny
Normal

Snart ny runde med Klassequizen

Denne veka får alle ungdomsskulane i Sogn og Fjordane invitasjon til å vere med på Klassequizen 2017.

SOGN OG FJORDANE: Førde ungdomsskule

VANN I 2016: Førde ungdomsskule med Pål Erik Flølo, Ingrid Bolstad og Jenny Heggheim Myklebust vart fylkesvinnar i 2016.

Foto: Kaja Figenschou / NRK

Kunnskapstevlinga for tiandeklassingar skal til med sin femte sesong i fjordfylket. Talet på skular som er med har auka jamt frå 27 i startåret 2013, til 30 i 2014, 31 i 2015 og 33 i 2016.

I alt er det 46 skular med ungdomssteg i Sogn og Fjordane. Mange av dei er små, og det er imponerande at t.d. Feios skule har greidd å stille lag alle dei fire første åra.

Ein skule med full pott

Geir Bjarte Hjetland

– VELDIG KJEKT: Geir Bjarte Hjetland vart godt kjend på vegane i Sogn og Fjordane etter å ha vitja 33 skular.

Foto: Stine Bortheim

I 2016 var det Geir Bjarte Hjetland som farta rundt i NRK-bil og stilte spørsmål til dei 33 deltakande skulane. Han er imponert over møtet med dei 99 tiandeklassingane som fekk bryne seg på meir eller mindre intrikate spørsmål.

– Det var først og fremst veldig kjekt å møte unge, entusiastiske og kunnskapsrike menneske. Mange av dei var veldig oppdaterte på det som skjer i verda og hadde tileigna seg imponerande mykje allmennkunnskap.

I fjor var det ein skule, Sande skule, som hadde full pott med 12 av 12 rette svar i dei innleiande rundane. I semifinalen gjekk det ikkje like glatt, då vart det tap mot Førde ungdomsskule, som vart fylkesvinnar og fekk representere Sogn og Fjordane i den tv-sende landsfinalen.

– Til no har ingen av fylkesvinnarane våre nådd heilt opp i landsfinalen, men kanskje det skjer i 2017, seier Hjetland.

Startskotet går i januar

Kvar skule får stille med eitt lag, og det er tre elevar på kvart lag. Det må vere både jenter og gutar på laget. I dei innleiande rundane får laga 12 spørsmål, og laga med flest poeng går til fylkesfinalen.

No har skulane frist til 7. november med å melde seg på Klassequizen, og dei første skulane skal i elden i januar 2017.

Finalistar Klassequizen 2016

SEMIFINALISTANE I 2016: Laga frå Sande skule, Askvoll skule, Flatbygdi skule (i Vik) og Førde ungdomsskule møttest til dyst.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.