Snart klart for ny årdalstunnel

Flage Maskin AS skal byggje rassikringstunnelen i Ljoteli på fylkesveg 53 i Årdal. Den kring 1,1 kilometer lange tunnelen skal sikre eit bratt parti av stigninga frå Øvre Årdal mot steinsprang nedfall av is og snøskred. Arbeidet startar i månadsskiftet og vil kostar kring 210 millionar pluss moms. Reisande kan bu seg på stengingar utover hausten og vinteren.