NRK Meny
Normal

I helga kjem nyvinninga til Sognefjorden

Fleire veker forseinka får Norled i dag hand om batteriferja «Ampere». – Det er bra at vi har kome til denne milepælen. Det er ein god dag slik sett, seier administrerande direktør Ivan Fossan i Norled.

Ampere

TEST: «Ampere» er venta til Sognefjorden i helga og tek i neste veke til på ei to-tre veker med uttesting av ladesystema ved kaianlegga på Oppedal og Lavik.

Foto: Norled

Det har vore ei lang natts ferd mot dag for historieskrivinga på Sognefjorden. «Ampere» vil vere den første heilt elektrisk drivne ferja utan lokale utslepp når den kjem i drift om tre-fire veker på sambandet Lavik – Oppedal på E39.

Stavanger-baserte Norled tok 1. januar over drifta av sambandet etter Fjord1.

– Når vi har overteke ferja, så startar vi så snart som mogleg seglasen frå verftet i Hardangerfjorden til Sognefjorden, seier Ivan Fossan.

Tre veker med testing

Ferja ligg framleis ved verftet Fjellstrand grunna avvik som Sjøfartsdirektoratet fann under eit tilsyn på ferja. Mellom anna var det avvik på konstruksjon og lensesystem.

«Ampere» skulle vore den tredje ferja i drift på sambandet frå 1. januar. Til no har to ferjer trafikkert Lavik – Oppedal. No kjem ein godt ut i februar før alle tre ferjene vil vere i drift.

Norled overtek Ampere

OVERTAKING: Administrerande direktør Ivan Fossan (t.h.) og teknisk direktør Sigvald Breivik (i midten) har grunn til å glise. I dag fekk Norled overlevert «Ampere» frå Fjellstrand og Ivar Gaute Koltveit (t.v.).

Foto: Privat

– Når vi kjem til Sognefjorden skal vi kople den opp mot ladeanlegga som er montert på ferjekaiene. Vi startar då å fase dette inn på Oppedal i første omgang. Når den er fasa inn på ladeanlegget blir ferja sett inn i ruteproduksjon, seier Fossan.

Tre veker med testing

Batteriferja har plass til 120 bilar og 340 passasjerar, og skal gå med 10–12 knops fart mellom Oppedal og Lavik. Overfartstida er på 20 minuttar, med ti minuttars oppladingstid. Det er venta at testing av ladesystema vil ta to til tre veker.

– Det er første gang nokon har gjort dette, men vi har fullt fokus å gjere dette hurtig, men også trygg og sikker måte, seier Fossan.

– Kva peika Sjøfartsdirektoratet på i sine tilsyn?

– Vi måtte gjere nokre avklaringar. Ikkje dramatiske og ikkje noko som har med den nye teknologien å gjere, men slike ting som følgjer med når du byggjer passasjerfartøy. Det var vanlege byggjetekniske ting for passasjerskip som vi har hatt i dette prosjektet og andre prosjekt før det.

Fossan ynskjer ikkje å kommentere kva økonomiske følgjer utsettinga har fått for Norled.

– Er dette noko som kan få etterspel?

– Det vil eg ikkje spekulere i her.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå