Hopp til innhold

No skal fotballen satse på nynorsk

Til no har det vore langt mellom publikasjonane i fotballverda som har vore skrivne på nynorsk. Men det blir det snart ei endring på.

Myklebust og fair play

FAIR PLAY: Uttrykket 'fair play' blir nok framleis på engelsk, men leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins, Svein Olav Myklebust, går i bresjen for at informasjonsmateriellet iallfall skal komme på nynorsk.

Foto: Skjermdump/Arve Uglum / NRK

Mange foreldre og fotballspelarar har opplevd å få Fair play-reglementet i hendene, for så å finne ut at heile teksten er på bokmål.

Det skal det no bli slutt på. Sogn og Fjordane fotballkrets står bak eit initiativ til å lage brosjyrar og infomateriell på nynorsk. Og det er noko klubbane har spurt etter ei god stund.

– Vi er landets einaste nynorskspråklege krets. Det vil seie at vi utgjer eit mindretal på tre prosent i Norsk Fotball som brukar nynorsk som målform, seier Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets.

Klubbane spør etter nynorskmateriell

I ein del samanhengar har kretsen opplevd eit påtrykk frå ein del klubbar som ønskjer at ein del publikasjonar eller tekst på skilt og reglar er på nynorsk.

– Og noko av dette kan vi kanskje vere med på å innfri, seier Myklebust.

Han meiner det er viktig at folk i Sogn og Fjordane kan få lese informasjonsmateriell på si eiga målform.

– Vi er i nynorskland, og ein del klubbar tykkjer at viss dei skal hengje opp plakatar eller få fram ein bodskap anten på nettsidene sine eller andre stader, så ønskjer dei å ha den målforma dei har i daglegtalen, seier Myklebust.

Har fått kunnig hjelp

Men det er ikkje fotballkretsen sjølv som har stått for omsetjing av diverse materiell. Til det har dei fått kunnig hjelp frå kompetente folk på Ivar Aasen-tunet, som ligg mellom Ørsta og Volda.

– Vi fekk dei til å omsetje først Foreldrevett-reglane. Så vidaresende vi dette til inkluderingskonsulenten i fotballforbundet, Henrik Lunde. Han tente på ideen, og fekk laga eit oppsett, seier Myklebust.

Så om ikkje så lang tid kjem både foreldrevett-reglar i redigert, ny nynorsk versjon, samt ein del Fair play-bodskap på nynorsk.

– Då snakkar vi plakatar og tekst, men også det som ligg ute på nettet. Det er eit stort framsteg, og vi tykkjer det er flott at vi får dette til, seier Myklebust.