Hopp til innhold

Snart kan ein gå på ski her heile året

GAULAR (NRK): På Langeland skisenter arbeider ein no med å lage til rulleskiløype. Den skal vere klar neste år.

På Langeland skisenter i Gaular er arbeidet med å lage til ei rulleskiløype no i gang. Planen er at løypa skal stå ferdig i løpet av 2017.

NESTE ÅR: Planen er at rulleskianlegget på Langeland skal stå ferdig i løpet av 2017.

Langeland skisenter ser ut som ein byggeplass. Grusmassar ligg i haugar og ei gul gravemaskin og ein dumper arbeider med å køyre det bort. Om eit år håpar styreleiar i Langeland skisenter, Kjetil Joar Bjørset, at ein her skal kunne gå på rulleski.

– Det er planar vi har jobba med i fleire år som no blir realisert. Førde har det største langrennsmiljøet i fylket, og også i Gaular er det eit veksande skimiljø der stadig fleire bruker rulleski som sommartrening.

Bru til rulleski på Langeland

ARBEID: Det er framleis arbeid som står att før rulleskibana er klar. Mellom anna skal det kome ei bru.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Sikkerheit

Det har dei siste åra vore fleire ulukker der rulleskikøyrarar har vore blanda inn. Ei av desse enda med at ein 51 år gamal mann miste livet i Florø i 2012. Bjørset trur det kan vere bra å få rulleskikøyrarar bort frå vegane.

– Det er stygge hendingar som me ikkje ønskjer. Så særleg det å få unge bort frå vegen er bra for sikkerheita.

Står att

Kjetil Joar Bjørset og Ole Jakob Sande

NI MILLIONAR: Kjetil Joar Bjørset (t.v.) og Ole Jakob Sande i rulleskiløypa som til saman skal koste ni millionar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Det er ingen fastsett dato for når rulleskianlegget skal opne. I vinter vert anleggsarbeidet stogga medan vintersesongen på ski går føre seg. Prosjektleiar for bygginga, Ole Jakob Sande, seier det framleis står att ein del arbeid.

– No held vi på med bortkøyring av pukk. I tillegg så står det att arbeid på stadionområdet og ei bru. Vi skal og ha på eit topplag av grus samt asfalt.

Mykje pengar

Prosjektet har ein prislapp på ni millionar kroner og har vore planlagt i fleire år. Bjørset seier at det er eit stort prosjekt å ta på seg for ein frivillig organisasjon. men at dei har klart seg utan å låne pengar.

– Det kostar mykje å bygge veg i eit slikt område, så det er heilt klart eit stort prosjekt. Vi har fått midlar frå både stat, kommune og private aktørar. Mellom anna har vi fått to millionar av Trond Mohn. Det gjer at vi no kan fullføre prosjektet utan å måtte ta opp lån.

Arbeid på Langeland skisenter

VINTERPAUSE: No går arbeidet for fullt på Langeland, men når snøen kjem er det vintersesongen som får prioritert.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Dugnad

Langeland skisenter har tradisjonelt vore drive ved hjelp av dugnadar. Bjørset fortel at det framleis er viktig med frivillige.

– Akkurat i dette prosjektet har det vore naudsynt å leige inn folk, men dugnad er framleis viktig. Vi driv med å utvide snøproduksjonsanlegget og reise nye lyktestolpar. I begge dei prosjekta har vi fått mykje hjelp frå frivillige.