Hopp til innhold

Snart kan du kanskje trenge denne igjen

Det er ikkje heilt sikkert, men sjansane er større enn på lenge. Over helga KAN det komme regn for første gang på ein månad.

Regn Førde

HUGSAR DU?: Det kan vere greitt å ha kontroll på kvar paraplyane er. Snart kan det komme regn.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen/NRK

Om paraplyen har støva ned, så er det på tide å pusse det av. I alle fall bør du lokalisere kvar paraplyen er.

For søndag og måndag er det faktisk sjanse for noko så sjeldan som regn.

Anne Solveig Andersen

REGN: Anne Solveig Andersen kan ikkje love det, men i løpet av helga kan det bli gjensyn med regnet.

Foto: Marit Hommedal

– Om det kjem så langt nord som til Sogn og Fjordane, og kva mengde vi snakkar om, er framleis uvisst. Men ein viss sjanse er det, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Skulle slusene opne seg, så er det første gang på nøyaktig ein månad. For 11. mai var sist gong det kom nedbør av særleg mengde i Sogn og Fjordane. Då kom det 16 millimeter av det våte element i Takle, medan Stryn fekk 14 millimeter.

– Den dagen var grå, men elles har det vore veldig lite nedbør i fylket, seier Andersen.

Sidan har det vore ei og anna lokal bye på nattetid og over heile Sør-Noreg er det no stor lyng- og skogbrannfare .

Det er blitt eldforbod og hagar over heile landsdelen har måtte lide for strenge restriksjonar på bruk av vatn.

– Eg trur ikkje regnet som kan komme er nok til å dempe skobrannfaren heilt. Når det nærmar seg ser vi om og når det kjem, seier ho.

Men før den tid, er det berre å sjå fram til temperaturar på kring 20 varmegrader.

– Vi kan ikkje klage, om vi ser vekk frå skogbrannfaren. Det ser ut til å bli fint vêr, opphald, sol og greie temperaturar framover. Men nordavinden vil nok halde fram, seier ho.