Hopp til innhold

Snart kan den rasfarlege vegen vere historie

Ein ny tunnel til mellom 70 til 100 millionar skal gjere vegen til innbyggjarane i Honningsvåg i Selje trygg for ras.

Steinras ved Kleiva på vegen til Honningsvåg ved Stad

RASUTSETT: Innbyggjarane i Honningsvåg ved Stad i Selje kommune har i årevis levd med ein rasutsett veg. No skal ein ny tunnel ved Kleiva gjere vegen til å frå bygda tryggare.

Foto: Geir Honningsvåg

Dei etterlengta tunnelplanane vart i dag vedteke av fylkeskommunen sitt hovudutval for samferdsle. Etter planen skal bygginga starte til neste år og tunnelen vil erstatte dei to rasoverbygga som står der i dag.

– Dei var gamle og det er eit svært rasutsett område. Ein ny tunnel peika seg ut som det einaste føremålstenlege for framtida, seier utvalsmedlem Arnstein Menes (Sp).

Kostnadane med tunnelbygging er ikkje uvesentlege, men Menes seier det var omsynet til dei som brukar vegen dagleg, ikkje minst skuleungar, som vog tyngst.

– Det er ein smal veg, det er eit bratt parti med overheng og mykje stein som fell ned. Det var vanskeleg å gjere tiltak i det området utan å gå i ein lang tunnel, seier Menes.

Fylkesrådmannen sa tidlegare i dag at dette prosjektet står i ei særstilling, og tilrår at tunnelprosjektet i Selje vert prioritert før oppstart av fylkesveg 722 Flovegen i Stryn.

Menes trur likevel ikkje at dagens vedtaket får vesentlege konsekvensar for framdrifta på rassikringsprosjektet i Stryn.

– Eg håpar vi kan komme i gong med Flovegen så fort ein er klar med planlegginga der òg, seier han.