Hopp til innhold

Snart får brannsjefen ein ekte stigebil

FØRDE (NRK): Brannsjef Bernhard Øberg ser drøymande ned på leikebilen. Snart får han ein ekte – og fullskala – stigebil.

Bernhard Øberg

LEIKEBIL: Då Bystyret vedtok å kjøpe ein ny stigebil fekk Bernhard Øberg denne leikebilen av ein kamerat. – Med den nye stigebilen kan vi fort hjelpe til med brannar i ein radius på ein times køyring frå Førde, seier Øberg.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det blir reine julaftan for oss. Det gir oss ein heilt annan kvardag og tryggleik, strålar Øberg om brannbilen som i månadsskiftet oktober/november rullar inn til brannstasjonen i Førde.

Frå ti til 40 meter

NRK fortalde i dag at brannkorpsa i fylket manglar stigebilar, og må leige lift på bygda i tilfelle brann i høge bygg. Brannvesenet i Førde er ikkje noko unntak. Dei måtte gjere det i 2003 då gamle Førde barneskule brann.

Det har lenge uroa brannsjefen, som mellom anna skal stå klar dersom det bryt ut brann i åtte etasjar høge Førde sentralsjukehus.

Brannvesenet fleire stader manglar utstyr til å ta seg opp i høge bygningar.

SJÅ TV-SAK: Brannvesenet i Vågsøy og Gloppen måtte på bygda for å låne seg lift då det byrja å brenne før helga.

– Vi når ni-ti meter opp med denne stigen som ligg her på taket. Det blir tredje eller fjerde etasje på sjukehuset. Den nye får oss 40 meter til vêrs, seier Øberg.

Løyvde ny etter brann

Brannsjefen meiner det er tilfeldig at det ikkje har teke fyr i dei høgaste og mest kompliserte bygga i byen. Då flammar tok laust på Handelshuset i fjor, løyste brannmannskapet liftmangelen ved å gå inn i bygget og ut på taket.

Like etter vedtok Bystyret i Førde å løyve åtte millionar kroner til ein flunkande ny brannbil.

– Eg trur Bystyret la merke til innsatsen vi gjorde på Handelshuset. Så vidt eg er fortalt, var det ikkje tema å utsette brannliften, seier Øberg.

– Må vere kreative

Hans Kristian Madsen, avdelingsleder for Beredskap, redning og nødalarmering

KREATIV: Avdelingsleiar Hans Kristian Madsen i DSB oppmodar brannvesen om å få avtalar med lokale som har lift.

Foto: Henriette Magnussen, DSB

I dag er det ingen krav til at brannvesen skal ha stigebil, og frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap blir brannvesenet oppmoda til å vere kreative.

Det inneber mellom anna nettopp å låne utstyr.

– Det er fullt mogleg å utnytte utstyr som er lokal. Men ein må ha dokumentert det og sikre det som del av ein avtale. Så må ein øve med det, så det raskt kan takast i bruk ved behov, seier avdelingsleiar Hans Kristian Madsen.

Manglar øving

Og akkurat dette med øving ser Øberg er eit dilemma ved bruk av private liftar.

– Det er ankepunktet. Vi øver på alt mogleg, frå trafikkulukker til overflateredning i elv og husbrann. Men eg vil påstå at ingen øver på å bruke privat lift, seier han og held fram.

– Det er eit hol i planverket vårt. Vi skal øve på alle tenkelege ting, men ikkje på at vi ved ein storbrann i eit høgt hus må inn med privat lift.

Og der kjem fordelen med ein stigebil i brannvesenet sitt eige.

– Då kan vi øve og bli trygge på den, i staden for å måtte gå på gata og låne, seier han