Hopp til innhold

Kven skal overta stafettpinnen for «Norges verste veg»?

Fristen for å sende inn forslag til «Norges verste veg» er no stengt. Nokre har allereie søkt Stryn kommune om å overta skiltet som stod mellom Olden og Innvik.

Darlige veier 090318

  • Fristen for å sende inn har no gått. Det kom inn over 3000 forslag og dei neste dagane vil ein jury plukke ut ti finalistar. Dei vil presentert etter påske og så skal folket stemme fram kven dei meiner bør overta tittelen.

Olden-Innvik i Stryn har hatt den uoffisielle tittelen i 10 år, men er no rusta opp. Nær 3000 forslag vitnar om at det er stor konkurranse om å overta stafettpinnen. No har du fram til onsdag 14. mars ved midnatt til å sende inn ditt forslag.

Ein veg som går igjen er fylkesveg 615, mellom Storebru og Hyen i Sogn og Fjordane. Olav Klungre bur på Solheim i Hyen. Det betyr at han dagleg køyrer den svært smale og kronglete fylkesvegen.

– Vegen er dårleg. Den er smal, svingete, rasfarleg, har mykje telehiv og fleire parti med til dels dårleg sikring av vegen.

Klungre og resten av bygdefolket har søkt Stryn kommune om å overta skiltet som stod mellom Olden og Innvik, men har førebels ikkje fått noko formelt svar. No kryssar dei fingrane for at ein tittel skal kunne by på draghjelp til opprusting av vegen.

– Det er mange om beinet når det gjeld løyvingar. Får vi tittelen, så gir den oss merksemd og håp om at vegen blir rusta opp, meiner Klungre.

Dårleg veg

HÅPAR PÅ DESSE SKILTA: Olav Klungre håpar at han kan sette ut desse skilta på fylkesveg 615 mellom Storebru og Hyen.

Foto: ARNE STUBHAUG

Kaos i Hardanger

I Hardanger meiner mange at riksveg 13 bør stikke av med den lite heldige æra av å vere verst. Enkelte dagar er det fullstendig kaos på vegen.

– På sommaren står vi i kø opp mot to timar, noko som gjer det vanskeleg å hente ungar i barnehagen. Turistane er ikkje vande med å køyre på desse smale vegane, og det er ikkje plass til to bilar i breidda. På vinterstid er rasfaren stor, seier Anne Marit Røyse Hus.

Kø riksvei 13

FLASKEHALS: Bilistane er lei av kø. Mange meiner riksveg 13 i Hardanger er «Norges verste veg».

Foto: Tale Hauso / NRK

På torsdag skal ein jury med NAF, Trygg Trafikk og Lastebileigar-forbundet skal plukke ut 10 finalistar, før du kan vere med på å stemme fram ein vinnar.

Tromvik grøtfjord synkhull
Foto: Harald Albrigtsen / NRK
Dette er nokre av vegane som vekker engasjement.