Sør-Vågsøy kirke i og kyrkjegard i Måløy. (Foto: Arild Nybø, NRK)
No fryktar soknerådsleiar Dag Almenning reaksjonane i lokalsamfunnet om dei pårørande må gravleggje sine ein annan stad i kommunen.
Men dette kan bli resultatet om Vågsøy ikkje finn pengar til ei utviding av fem av dei ni kyrkjegardane i kommunen.
Mest prekær er situasjonen på kyrkjegardane i Vågsvåg og Almenning. Men også Totland og Holvik treng fleire gravplassar innan år 2007.
Det samla behovet for utviding av kyrkjegardane er kostnadsrekna til om lag 10 millionar kroner - pengar som Vågsøy ikkje har i dag.