NRK Meny
Normal

Snart flyttar Lars – han treng berre ei oppkøyrsle og litt straum ...

Medan mange søkjer etter leilegheit når dei skal flytte til ein ny plass, søkjer Lars Peder Vatshelle Bovim etter ei oppkøyrsle og litt straum.

Lars Peder Vatshelle Bovim

KREATIVT: – Eg tykkjer ideen er god. Campingvogn er både praktisk og forhåpentlegvis rimeleg, seier Lars Peder Vatshelle Bovim.

Foto: skjermdump/privat

– Det er kanskje litt originalt, men eg har tru på at det kan gå, seier Bovim.

Han er nett ferdig utdanna fysioterapeut, og skal ha turnusteneste i Gaupne i Luster frå 15. august til 15. februar. Leilegheit er han ikkje på jakt etter, men snarare ein plass til å parkere ei campingvogn.

– Eg skal først vere seks månadar i Gaupne, og så skal eg vere seks månadar i Førde. Så i staden for å finne meg to leilegheiter og ha alt kavet med å flytte mellom desse, så tenkte eg det ville vere praktisk med ei campingvogn i staden, seier Bovim.

For dyrt med campingplass

Men før han investerer i ein heim på hjul, sjekkar han om det er praktisk mogleg å skaffe seg ein stad til å parkere campingvogna, samt hente ut litt straum.

– Eg fann ut at det er tryggast å sjå om det er mogleg å gjennomføre. Eg vil ikkje investere i campingvogn før eg veit at det går, seier Bovim.

Og han er ikkje kresen. Viss nokon har nokre meter til overs i oppkøyrsla eller i hagen, samt lett tilgang til straum, så held det i massevis.

Men du kunne jo leggje deg inn på ein campingplass?

– Eg har vore inne på tanken. Men det kostar fort 3.500 kroner i månaden. Og for den summen får eg ein ganske fin leilegheit også, seier Bovim.

Har allereie fått tips

Han legg ikkje skjul på at i tillegg til at campingvogn gjer han svært mobil, er det også eit økonomisk motiv.

– Heilt klart. Eg har vore student i mange år, så berre det å investere i campingvogn er eit solid innhogg i budsjettet. Då må det vere noko å spare i den store samanhengen for at det skal vere vits i, seier Bovim.

Han delte innlegget sitt på kjøpe-selje sida i indre Sogn onsdag kveld, og allereie har han fått nokre tips om moglege stadar.

– Eg har fått tips om ein kar som kanskje kan tilby meg gratis plass i oppkøyrsla mot at eg betalar for straumen. Det høyrest for godt ut til å vere sant, seier Bovim.

Manglar hengarfeste ...

Han understrekar at han er ein stille og grei kar.

– Eg får høyre det, ja. Og sidan eg skal jobbe mykje, og ha eit liv utanom, så kjem eg ikkje til å ha mykje tid til å bråke i oppkøyrsla eller hagen din, ler Bovim, som er spent på om planen let seg gjennomføre.

For viss han får tak i oppkøyrsle og straum, så manglar han framleis to vesentlege ting.

– Førebels har eg jo berre bilen. Går dette i boks, må eg ha både campingvogn og hengarfeste, seier Bovim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.