Hopp til innhold

Snart ferdig med etterforskinga

Politiet nærmar seg ei avslutning på etterforskinga av utforkøyringa på Hella sist fredag. No blir det opp til jurist å avgjere om føraren skal straffast.

Dårleg vêr der bil køyrde utfor kaien på Hella i Sogn

UNDER VATN: Bilen vart liggande på fem meters djupne etter at den hamna i fjorden ved Hella ferjekai fredag ettermiddag.

Foto: Christian Blom / NRK

Det har snart gått ei veke sidan den dramatiske utforkøyringa på Hella ferjekai i Sogn. Ein bil med tre personar hamna i fjorden, og to gutar 17 og 18 år kom seg raskt ut ved eiga hjelp.

Ei 18 år gamal jente vart redda opp etter heltemodig innsats frå folk som kom til, etter vel ti minutt under vatnet.

– Mange omstende

Politibetjent Stein Helge Selland ved Sogndal og Leikanger lensmannskontor seier til NRK.no at dei no nærmar seg ei avslutning på etterforskinga, og at informasjonen dei har innhenta blir sendt vidare til jurist som skal avgjere kva som skjer vidare.

Selland seier det er på det reine at bilen har kome køyrande nedover til kai, og at den på det glatte føret har hamna utfor kanten.

– Det er mange omstende som har ført til at dette skjedde. Det er ikkje noko feil med bilen som umiddelbart har ført til dette, seier politibetjenten.

Politiet har tidlegare slått fast at det var om lag null grader og mykje våt snø i kaiområdet då ulukka skjedde.

Har teke beslag i førarkort

Politiet har fått hjelp av Vegvesenet sine tekniske kontrollørar til å undersøke den tekniske standen på bilen. Her vart det ikkje funne noko gale. Dekka på bilen skal også ha vore innanfor krava, der minimumskravet til vinterdekk er 3 mm mønsterdjupn.

Selland viser vidare til Vegtrafikklova sin paragraf tre. Den seier at ein kvar som ferdast i trafikken skal vise aktsemd og vere varsam, og det er mellom anna eit klart krav at bilførar skal tilpasse fart etter vêr og føreforhold.

Den unge bilføraren vart ikkje fråteken førarkortet umiddelbart etter hendinga, men Selland stadfestar at politiet no har teke beslag i førarkortet.

– Den vidare etterforskinga vil vise om det er forhold som gjer at føraren skal få det tilbake, seier Selland.

Politiet fekk tidleg etter ulukka gjennomført avhøyr med mannskap på ferja, dei to gutane i bilen og andre som var i kaiområdet og såg det som skjedde.