Hopp til innhold

Snart får ho sjå ideen realisert

Som leiar i Trafikktryggingsleiar lanserte ho idéen for fleire år sidan. Neste veke får fylkesordførar Åshild Kjelsnes sjå resultatet - motekle med innsydd refleks.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

SÅDDE IDÉEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For som leiar av utvalet var ho litt lei av at dei kvart år brukte over 100.000 kroner på å trykke opp refleksbrikker som i altfor liten grad vart tekne i bruk.

– Sjølv om vi i Sogn og Fjordane ligg på landstoppen i refleksbruk så kjem vi ikkje over ein viss prosent som brukar refleks. Då var det at vi kom på tanken at refleksen burde vere ein del av klea slik at folk ikkje trengde å tenke på det når dei skulle ut.

– Kjempespent

Komande onsdag kan ho få sjå resultatet av denne idéen. I lokala til Norsk Designråd i Oslo skal dei presentere ei jakke med dekorative reflekselement som gjer eigaren godt synleg på mørke haust- og vintervegar. Åshild Kjelsnes gler seg.

– Eg er veldig glad og kjempespent. Og eg synest det er fantastisk kjekt at det er to leiande motemerke frå Sogn og Fjordane som står for denne pilotkoleksjonen. Det viser at Sogn og Fjordane nok ein gong er i front i nyskaping.

For det er Ricco Vero i Olden og Moods of Norway i Stryn som saman med stryneverksemda Farmhouse har utvikla klea i samarbeid med Norsk Designråd, Reflexconsult, Trygg Trafikk og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

På skoleveien

IKKJE NOKO FOR UNGDOM: Når barnehagen er ute på tur er refleksvestane gode å ha. Men dei er ikkje kule noko for ungdom.

Foto: Inger Elisabeth Sagedal / NAF

Imonert over det ho har sett

Det er ungdom som i første rekkje er målgruppa for refleksklea. Det har ikkje vore lett å få dei unge og kule til å gå med refleksbrikke, seier Kjelsnes.

– Du veit når du er ung ligg verda for dine føter, og det siste du tenker på er farane som lurer. Mange kjenner seg udøyelege, og noko så kjedeleg som ein refleks ligg ikkje langt framme i pannebrasken. Samstundes er denne gruppa mest utsett i trafikken.

Åshild Kjelsnes har fått sjå ein prototype, og ho er imponert.

– Det er fantastisk kva dei kan gjere med reflekterande materiale. Det er gjort nybrotsarbeid på utvikling av nye materiale. Eg trur at det kan vekke internasjonal merksemd.

Men kva seier EU-reglane?

No er eitt av spenningsmomenta om det let seg gjere å sette klea i kommersiell produksjon. For EU-reglar kan faktisk vere eit hinder. Dei reglane som gjeld for reflekskle handlar om arbeidskle, og der er kravet at refleksen skal tole at plagget blir vaska 50 gonger.

– Å vaske eit moteplagg 50 gonger er vel neppe aktuelt, så her ligg ein prøvestein for EU-reglane.