Hopp til innhold

Snart er 189 slike klare til bruk

Utbygginga av naudnettet er i ferd med å nærme seg fullføring i Sogn og Fjordane. Utpå hausten får Alarmsentralen i Florø tilgang til nettet.

Naudnettmast Årdal-Tyin

EI AV MANGE MASTER: Denne masta er reist ved fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

AMK-sentralen til Helse Førde kjem til å ta naudnettutstyret i bruk mot slutten av dette året, men den siste legevaktsentralen kjem ikkje med før utpå nyåret 2016, seier områdeleiar Tor Brekke Helland i Helsedirektoratet.

– Installasjonen i Førde er klar, men det er ei formidabel oppgåve å få dette i sving. Det er mange som må lærast opp, og det skal samkøyrast med kommunane og legevaktsentralane. Og vi må vere sikre på at vi har eit trygt og stabilt nett før vi set i gang.

I tillegg er det ein del av basestasjonane som ikkje er ferdige enno. Dermed blir helsedelen av naudnettet endå meir utsett enn tidlegare meldt. I januar vart det sagt at det skulle vere klart til bruk i løpet av hausten.

Basestasjon nær Holsbru

I alt er det bygt 189 basestasjonar rundt om i Sogn og Fjordane, opplyser Direktoratet for naudkommunikasjon. Opphaveleg var planen at alt skulle vere klart til bruk i desember 2014, men arbeidet har vore meir omfattande enn først rekna med.

Enno er det om lag 10 stasjonar som ikkje er sette i drift. Ein av dei er reist ved fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin, ikkje langt frå Holsbru, der tre menneske vart drepne 4. november 2013. Den gong var dårleg kommunikasjon eitt av problema for naudetatane.

– Klokkeklart over heile fylket

Sogn og Fjordane politidistrikt vart påkopla naudnettet 29. mai i år. Det var formelt klart for bruk 18. juni. Dette har vore eit stort framsteg, seier operasjonsleiar Bengt Næss.

– Så langt vil vi seie at det fungerer veldig bra, vi er veldig nøgde med å ha god dekning over store delar av politidistriktet. Vi får tilbakemelding frå patruljar som har vore ute og ha klart samband på stader der vi aldri har hatt dekning på politisambandet tidlegare.

Politiet har hatt patruljar ute over alt der dei normalt ferdast, men har att å oppsøke ein del område der dei er sjeldan. Men hovudkonklusjonen er at det fungerer godt, seier Ness.

– Dei kjem klokkeklart inn på sambandet vårt her i Florø, så dette er eit stort framsteg for oss iallfall.

Naudnett i 28 tunnelar

Den 18. mai i år var det naudnett i 27 trafikkerte vegtunnelar i Sogn og Fjordane. Mellom dei var Skatestraumtunnelen, som 15. juli vart sett ut av spel ei eksplosjonsulukke. I tllegg blir det naudnett i Økslandstunnelen som er under bygging på E39 mellom Sande og Vadheim.

For fullt oversyn over tunnelar med naudnett, sjå i faktaboks.

Holsbruvatn i Årdal

NÆR HOLSBRU: Masta som dekker Årdal-Tyin er sett opp nokre kilometer frå Holsbru (i enden av Holsbruvatnet), som var åstad for trippeldrapet 4. november 2013.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK