Hopp til innhold

Snart blir straumen dyrare om ettermiddagen

Elbilar og hus proppa med elektrisk utstyr sender nettleiga til himmels. NVE vil at vi skal betale ulik straumpris til ulike tider av døgnet.

Kristin Lefdal og familien på fem brukar elbilen dagleg.

LADAR OPP: Kristin Lefdal og familien på fem brukar elbilen dagleg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi ladar bilen om kveldane, ofte rekk vi ikkje å gjere det før vi legg oss, fordi den blir brukt så mykje.

Kristin Lefdal frå Lefdalsbygda i Eid kommune har som tusenvis av andre familiar bytta ut drivstoffbil med elbil.

Men med elbilar i garasjane, induksjonsovner og kraftfulle kaffimaskiner aukar belastninga på straumnettet. Stadig fleire av oss brukar meir straum, og det på same tid. Om morgonane og ettermiddagane slår nordmenn flest på "alt".

NVE varslar at vi må bu oss på opp mot 30 prosent høgare nettleige i åra som kjem fordi kraftselskapa blir tvinga til å bygge ut straumnettet.

Også for familien Lefdal på to vaksne og tre born veks forbruket om ettermiddagane.

– Vi merkar at vi har ungdomar som skal dusje etter trening, det er matlaging, oppvaskmaskin og vaskemaskin, smiler Lefdal.

Snart blir straumen dyrare om kveldane

No skal linjenettet forsterkast for milliardar, ei årsak er at nettet er aldrande, men at stadig fleire brukar mykje straum samstundes er også med og pressar investeringane oppover, seier direktør i NVE Per Sanderud.

– Vi ser ei endring i korleis vi brukar straum, vi tek ut meir straum samstundes og det kostar.

Per Sanderud

VARSLAR AUKA NETTLEIGE: Direktør i NVE Per Sanderud.

Foto: Linda Reinholdtsen/NRK

NVE vil no at nettleiga skal bli høgare om ettermiddagen og billegare om natta. Målet er at vi skal bruke straum til ulike tider av døgeret. Sanderud meiner folk likevel skal sleppe å fryse:

– Vi skal greie å halde levestandarden oppe. Varmtvassbehaldarane treng ikkje å stå på kokepunktet heile tida. Vi kan slå av golvvarmen når vi lagar middag, eller droppe å lade elbilen samstundes som vi brukar induksjonstoppen. Slike grep vil gjere at nettleiga ikkje treng å auke så mykje, seier Sanderud.

Med innføring av nye målarar og smartare sikringsskap skal du sleppe sjølv å slå av forbruket:

– Vi ventar at det kjem system som styrer dette automatisk for deg, utan at du treng å tenke altfor så mykje på det sjølv, seier Sanderud.

– Vil ikkje bli pålagt å ha det kaldt

Men det vil ta tid før alle hus får alt utstyret på plass som trengst for å styre straumen. Kristin Lefdal er spent på kva som er i vente.

– Eg er aldri negativ til noko nytt, men det blir litt feil om vi skal påleggast å ha det kaldt om vi heller vil ha det varmt. Det må ikkje gå utover at vi skal ha ein god kvardag, seier Lefdal.