Snart blir denne å sjå på Sognefjorden

Fjord 2 har henta heim gamle «Hardingen» for å sette den i turistrafikk på Sognefjorden til sommaren

MF «Hardingen sr.»
Foto: Harald Sætre

Laurdag kom den ærverdige ferja til Rubbestadneset i Bømlo for å få ein andletsløfting før turistsesongen startar.

– Den har gått 25 år i Norge, og 25 år i Italia før vi no henta den heim igjen. Folk lurar jo på om vi er spinn hakkande galne, ler Arne Glenn Flåten, dagleg leiar i Fjord 2 Cruises, som driv turistferjer på Sognefjorden

Satsar medvite på veteranbåtar

Frå det nystarta cruiseselskapet ligg det ei medviten satsing bak kjøpet av veteranferja. Selskapet har ein sesong bak seg, der dei nytta den freda MF «Skånevik» på turistruta på Nærøyfjorden.

Arne Glenn Flåten

SATSAR PÅ VETERANAR: Arne Glenn Flåten er dagleg leiar i Fjord 2 Cruises.

Foto: Halvor Farsund Storvik

– Dersom du skal på elvecruise på Mississippi, så vil du helst reise med ein gamal hjuldampar. Skal du på fjordcruise på Sognefjorden så reiser du med ei klassisk norsk fjordferje, seier Flåten.

MF «Skånevik» vart verna av riksantikvaren i 2005, og Flåten reknar med at det også kjem til å skje med MF «Hardingen sr.» som ferja heiter no. Då ferja vart selt ut av landet i 1991 vart namnet «Hardingen» raskt tatt i bruk igjen av HSD, og den ferja seglar framleis under same namn for Norled.

– Litt av gimmicken vår blir at vi køyrer verna fartøy på ein verna fjord, seier Flåten.

MF "Skånevik", som er vernet av Riksantikvaren (2005)

I RUTE: MF «Skånevik» som vart verna av riksantikvaren i 2005.

Foto: Harald Sætre

Populært blant turistane

Sjølv om enkelte turoperatørar i fjor sommar vart overraska over at det var snakk om ei så gamal ferje, var det raskt eit populært tilbod.

– Men når vi fortalde historia om ferja, og at den faktisk var freda så vart det ein ekstra kvalitet. Vi to med oss passasjerar på omvising både på brua og ned i maskinrommet, og det likte dei svært godt.

Teknisk er «MF Hardingen sr.», det nye tilskotet på Sognefjorden, i god stand. Når det gjeld det ytre, manglar det litt før den når forums prakt, og målet er kome så nær orginalusjånaden som mogleg. Før turistsesongen startar for alvor reknar Flåten med å gi «Hardingen sr.» ei andletsløfting til to millionar kroner.

– Då er den i akseptabel stand, men det er klart at med eit så gamalt fartøy så blir du aldri ferdig, seier Flåten.