NRK Meny
Normal

Snappa trenar framfor nasen på nytt lag

Steinar Mundal låg an til å bli trenar for det nyoppretta Team Veidekke Vest. Så kom skiskyttarane og Morten Aa Djupvik på bana.

Morten Aa Djupvik

SATSAR MOT VM: Morten Aa Djupvik og Tarjei Bø ser framover mot VM på heimebane. No har idrettssjefen fått Steinar Mundal med på trenarsida for damelaget.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Vi hadde nokre samtalar på telefon. Eg visste at han var ledig på marknaden, og er glad for å ha fått han inn. Eg er sikker på at han kjem til å utgjere ein skilnad, seier Morten Aa Djupvik.

Den nye idrettssjefen for skiskyttarane snakkar om Steinar Mundal, som på tampen av sesongen signaliserte at han ville trappe ned som langrennstrenar på landslagsnivå.

Står framfor viktig sesong med VM på heimebane

Etter det NRK erfarer søkte den meritterte trenaren på stillinga som trenar for det nyoppretta Team Veidekke Vest. Den ville han truleg ha fått – var det ikkje for skiskyttarane sitt tilbod.

No blir det likevel ikkje noko av «nedtrappinga» for Mundal.

– Det er noko med sirkushestar og slikt. Eg er sikker på at han kjem til å bidra til å løfte damelaget, slik at dei presterer betre og jamnare. Vi står framfor ein viktig sesong med VM i Holmenkollen, seier Aa Djupvik.

Steinar Mundal etter rennet

VIKTIG: Steinar Mundal blir ein viktig faktor for skiskyttarane fram mot VM. Her er han i arbeid for langrennsløparane under verdscuprennet i Holmenkollen i vinter.

Foto: Rune Fossum / NRK

Får ansvar for fysisk og teknisk trening

Mundal går inn som trenar for damelaget til skiskyttarane saman med Stian Eckhoff, som er hovudtrenar for laget. Den tidlegare langrennstrenaren får ansvaret for den fysiske treninga og den tekniske biten for Tiril Eckhoff & co.

– Steinar er ein av dei eg ser aller mest opp til som trenar. Han er kunnskapsrik, han kan mykje, og han har lang erfaring. Eg er sikker på at han vil setje sitt preg på laget, seier Aa Djupvik.

Steinar Mundal er for tida på ferie i utlandet, og har ikkje respondert på NRK sine kontaktforsøk.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå