Hopp til innhold

Sogndal snappa Badji framfor nasen på storklubbane

Framfor eit koppel av europeiske klubbar storspelte Stephané Diarra Badji (21) for Senegal. Sogndal snappa midtbanegiganten framfor nasen på alle.

Stephané Diarra Badji på trening i Sogndal.

VAR HEIT: Stephané Diarra Badji (i midten) kunne hamna i både Frankrike og Midt-Austen, eller for den del andre norske klubbar, men hamna til slutt i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Talentspeidar Trond Fylling hadde sett den senegalesiske U23-kapteinen i to landskampar, ei rekkje treningar og på DVD då han bestemte seg for å handle.

For på tribunen sat mellom andre Aalesund, Rosenborg og Vålerenga. I tillegg hadde Stephané Diarra Badji invitasjon frå to franske klubbar, samt ein klubb i Midt-Austen.

– «Alle» klubbar var der og det var Badji alle snakka om på tribunen. Då bestemte eg meg for å gjere det, fortel Fylling i dag.

Snappa framfor nasen

Denne novemberdagen i fjor sikra Sogndal seg spelaren som har fått mange til å heve augebryna denne sesongen. Badji spelte då for Senegal under afrikameisterskapen i Marokko.

Trond Fylling

INGEN TVIL: Trond Fylling var ikkje i tvil over kvalitetane då han såg Stephané Diarra Badji første gong.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fylling snakka med spelaren før han kontakta klubbpresidenten i Badji sin dåverande klubb, Casa-Sport, og avtalte møte i Gambia. Deretter køyrde Fylling dei 13 timane og regelrett snappa stortalentet framfor nasen på dei andre klubbane.

– Medan dei andre såg kampane, forhandla eg og alt. Eg ringde til Sogndal og bad om pengar til å handle. Det er ikkje alltid like lett når dei du ber om pengar ikkje har sett spelaren i aksjon, ler talentspeidaren.

– Solid handverk

Etter fire treningskampar og fem seriekampar er både Fylling og spelarutviklar Håvard Flo glade for at klubben lytta til råda. Badji har vore sværkt delaktig i tabellfirar Sogndal sin pangstart på eliteserien.

Badji, som også har fått sin debut på A-landslaget til Senegal, er kaptein på det senegalesiske U23-landslaget.

– Det er ikkje tvil om at Trond gjorde eit solid handverk i høve til å få eigarskapen på Badji den gong, seier Flo og vedgår at Sogndal i over halvanna år har hatt namnet til Badji på blokka.

Kan vere tapt i sommar

Senegalesaren står no fram som Sogndal sitt heitaste salsobjekt. Og i sommar må Sogndal klare seg utan Badji i, truleg, to-tre kampar i samband med OL i fotballens heimland, England.

Håvard Flo

NØGD: Toppspelarutviklar Håvard Flo.

Foto: Rune Fossum / NRK

Flo utelukkar ikkje at Badji allereie då kan ta nye steg på karrieren.

– Det er det som er så fascinerande med fotball. Ting skjer fort og over natta. Skulle han slå til i OL, så kan det vere at han er «gone», rett og slett. Men det er ein del av fotballen og slik vi har lyst til å vere som klubb; ta hand om spelarane, få dei fram og la dei gå vidare, seier Flo.

Blir ikkje overraska

– Eg håpar ikkje at det skjer, men det vil ikkje overraske meg om han blir seld i sommar. Han er sjølvskriven på landslaget, der også Tromsø sin Kara spelar i midtforsvaret, seier Fylling.

– Men korleis fekk du nyss om Badji?

– Når du har jobba med dette ei stund, så får du etter kvart eit nettverk med gode kontaktar. Av og til tenkjer du kven i alle dagar som har tipsa om denne spelaren, men denne gong stemde alt. Rykta gjekk langt framfor spelaren.

– Har meir å gå på

I Sogndal har dei store forventingar til spelaren som i heimlandet blir skildra som ein framtidas mann.

Første gong Fylling skulle sjå Badji i aksjon, var på ei trening for olympialaget. Då hadde Badji fått raudt kort i kampen før, og var difor ikkje med på samlinga.

Då han seinare fekk sjå Badji i aksjon var ikkje Fylling i tvil over kvalitetane. Han er overtydd om at fotball-Norge framleis ikkje har sett det beste frå senegalesaren.

– Eg er ikkje overraska over at Badji har gjort det så bra, og meiner han har meir å gå på. Det har eg og sagt til han, seier Fylling.