Hopp til innhold

Snakkar sju språk, får ikkje relevant jobb

FLORØ (NRK): I dag jobbar Margit Poldmar Dåvøy som rompersonale og husøkonom, men helst vil ho hatt ein jobb der ho kan bruke utdanninga si.

Margit Poldmar Dåvøy

I SVING: Margit Poldmar Dåvøy har jobba på hotellet i Florø i nesten to år.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

På Comfort hotell i Florø er Margit Poldmar Dåvøy godt i gang med å gjere i stand eit rom. Dåvøy er utdanna lingvist og både snakkar og skriv norsk, svensk, russisk, estisk, finsk, fransk og engelsk.

For to år sidan kom den språkmektige kvinna til Florø frå Estland. Aller helst vil 38-åringen jobbe som omsetjar, men det er vanskeleg å få jobb i Florø for ein med hennar utdanning.

Ville berre ha ein jobb

Då ho kom til Florø skreiv ho søknadar, gjekk på norskkurs og ringde ulike stadar ho tenkte det kunne vere bruk for ho.

Sengekleda bytt ikkje seg sjølv

HELD ORDEN: Dåvøy byter sengklede i staden for å setje om tekstar.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Dåvøy ville fyrst berre ha ein jobb, og tenkte det ville verte enklare å få noko meir relevant etter kvart som ho vart betre til å snakke norsk.

Etter tre månadar fekk ho jobben på hotellet.

– Eg har starta å tenkje at dette er ein av dei beste jobbane eg kan få her, seier ho.

Bør kome seg vidare

SUSANN STAVØSTRAND

ALLE TYPAR: - Den høge arbeidsløysa i Europa gjer at folk med høg utdanning søker alle typar arbeid, seier seniorrådgjevaren i NAV.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Seniorrådgjevar i NAV Sogn og Fjordane Susann Stavøstrand, meiner det er viktig at folk som kjem til Noreg frå andre land får seg jobb.

Men ho trur folk med høgare utdanning ikkje bør bli verande for lenge i ein jobb som ikkje er utdanningsrelevant.

– Det er lurt å skaffe seg ein jobb medan ein lærer språket betre, og forstår korleis den norske arbeidsmarknaden fungerer. Men ein bør kome seg vidare. Plutseleg er det mange år sidan ein hadde fersk erfaring, seier ho.

Trur ikkje ho får noko anna

Vaskar

RASK START: – Då det vart jobb ledig her på hotellet, kunne eg begynne med ein gong.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Dåvøy trur ikkje det er mogeleg å få noko anna enn hotelljobben, etter å ha sendt søknad etter søknad til bedrifter ho tenkjer kan ha bruk for ei språkmektig kvinne.

– Eg trur ikkje det går an å vere omsetjar i Florø, men eg kan tenke meg å jobbe med tekst og datamaskin på eit kontor, seier ho.

Vil berre leve litt

Stavøstrand meiner det er eit problem at arbeidsgjevarar ikkje kjenner til utanlandske utdanningar, og difor ikkje alltid veit kva kunnskapar dei utanlandske søkarane faktisk har.

– Normalt veit arbeidssøkaren sjølv best kva kunnskap han har. Difor er det viktig å ha ein god CV der ein fortel kva kompetanse ein faktisk sit på, seier ho.

Dåvøy har tenkt på å studere til sjukepleiar eller kanskje helsesyster. Men ho er gravid, har vorte 38 år, og kan ikkje tenkje seg fleire år som student.

– Det er alltid tid til meir utdanning, men av og til vil eg berre leva litt, seier ho.