NRK Meny
Normal

Sjå video: Fung frå Hong Kong er heilt hekta på Flo-familien

SOGNDAL (NRK): – Denne drakta skal eg henge opp på soverommet mitt, seier Erik Fung. Han har kome heilt frå Hongkong for å sjå Sogndal spele fotball ...

Erik Fung frå Hong Kong til Sogndal for å sanke autografar frå Flo-familien

FULL KLAFF FOR FUNG: Erik Fung frå Hongkong fekk møte nokre av sine største heltar då han i går fekk sjå Sogndal tape mot Hønefoss i cupen.

Dette er historia om ein supporter litt utanom det vanlege. For visste du at det bur ein lidenskapeleg Sogndal-fan i Hongkong?

– Eg har komme hit for å støtte Sogndal. Eg vart supporter for tre år sidan, då eg var her for første gong, seier Fung.

Onsdag hadde han teke turen heilt frå heimlandet for å sjå favorittlaget sitt i aksjon på Fosshaugane for aller første gong. Sist han var i bygda var det vinter, og han fekk ikkje sett laget spele.

Vitja Sogndal i den siste sesongen for Flo

Det heile starta med ein fascinasjon for Tore André Flo. Fung vart imponert over den hengslete og tekniske norske spissen, som hadde ein tendens til å score mål mot fotballstormakta Brasil.

– Først var eg fan av han. Så ville eg prøve å forstå bakgrunnen hans, og oppleve den første og siste klubben hans – altså Sogndal. Sist eg var her, var det jo siste sesongen til Tore André, seier Fung.

– Kva er det som er så fascinerande med Flo?

– Det er ein fin familie med mange spelarar på landslaget. Tore André har scora mykje mot Brasil, og då byrja eg å like han. Han var veldig god, seier han.

Fekk namnetrekket frå tre blad Flo på drakta

Sjølv var ikkje Tore André Flo til stades på kampen mot Hønefoss, men det er alltid ein Flo på Fosshaugane. Så også onsdag.

Etter cupkampen tok sportssjef Håvard Flo og spiss Ulrik Flo seg tid til å signere ei drakt for den langvegsfarande. Også Fredrik Flo fekk setje namnetrekket sitt på drakta.

– Det var utruleg kjekt å få treffe dei. Eg håpar fleire med Flo-namnet kan komme seg på landslaget, smiler Fung.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser