Føraren av bilen vart send til sentralsjukehuset i Førde etter ulukka.
Full av sigarettar
Då politiet i etterkant tok ein nærare kikk på bilen fann dei store mengder russiske smuglarsigarettar. Bagasjerommet på mercedesen var stappfullt med sigarettar i tillegg til ein full plassekk og ein stor bag, fortel politibetjent Oddgeir Otterdal i Årdal.
Han karakteriserer det som eit stort beslag i vår målestokk.
Hamna på taket
Smuglaren har køyrt utfor vegen på ei rett strekke, og politiet seier det kan tyde på at mannen har sovna. Bilen hamna på taket, men det er førebels uvisst kor hardt skadd mannen er.