NRK Meny
Normal

Smørdal i sjokk etter Dale Oens plutselege dødsfall

Tidlegare toppsymjar Sander Smørdal er i sjokk etter Alexander Dale Oens (26) dødsfall tysdag morgon.

Sander Smørdal

SORG: Tidlegare toppsymjar frå Eid, Sander Smørdal, var ein god ven av nyleg avlidne Alexander Dale Oen.

Foto: Scanpix

Dei to var nære symjekameratar etter å ha kjent kvarandre svært godt i mange år.

Dei to møttest for første gong i 1998.

– Det som har skjedd er heilt ufatteleg. At den friskaste, best trente personen du kan tenkje deg går bort på den måten, er umogleg å fatte. Ufatteleg trist, seier Sander Smørdal frå Nordfjordeid til bt.no.

– Ingen var på ein slik måte

Alexander Dale Oen

VM-GULL: Alexander Dale Oen vart 26 år gamal.

Foto: STR / REUTERS

Norges største medaljehåp framfor sommarens OL vart tysdag morgon funnen livlaus i dusjen. Han døydde seinare på eit sjukehus i USA, der han var på treningsopphald.

Dødsfallet har skaka heile idretts-Norge. Og spesielt symjemiljøet. Like etter terroråtaka 22. juli i fjor vart Dale Oen verdsmeister . Han vart også kåra til årets europeiske symjar .

– Eg vil hugse han som ein utruleg hyggjeleg og utruleg morosam person. Eg veit ikkje om nokon som har vore på den måten han var; ei stjerne, og likevel så open, seier Smørdal til bt.no.