NRK Meny
Normal

Smørdal mot finale

Bogeskyttaren Mats Inge Smørdal frå Eid er på veg mot finaleplass etter første dag av verdsmeisterskapen i feltskyting i Gøteborg.

Smørdal skaut 357 poeng i dei tre skytingane med ukjend avstand og er på niandeplass.

 

Faren, Magnar Smørdal, skaut 325 poeng og er utan sjanse til å nå finaleskytinga som tek til med åttandelsfinalar torsdag.

Andre del av kvalifiseringa vert skoten onsdag. Då står skyting mot mål med kjend avstand på programmet..