Sander Smørdal imponerte eit samla symje-Norge då han debuterte med ein fjerde- og femteplass under senior-NM i langbanesymjing i fjor. I årets meisterskap, som startar torsdag, har eidaren lagt lista endå høgare. - Spesielt på favorittdistansen min, 100 meter, har eg hatt svært oppløftande resultat til no i år, seier Sander Smørdal.
Eit steg nærare toppen
Trass i fleire NM-medaljer som junior kom dei sterke plasseringane under seniordebuten i langbane-NM i fjor som ei overrasking på dei fleste. I år har Sander Smørdal teke eit nytt steg nærare den norske symjetoppen, og resultata i vårsesongen ber bod om at medaljeambisjonane til 19-åringen er høgst reelle.
Trygg på stafettmedalje
Sander Smørdal sym for ein av landets beste klubbar, og det vil nærast være ei bombe om eidaren, saman med lagkameratane i Bergenssvømmerne, ikkje sikrar seg minst ein stafettmedalje under meisterskapen som går på Hamar.
På rekruttlandslaget
I vinter fekk Sander Smørdal tillit på det norske rekruttlandslaget, og landslagsplassen har vore viktig for 19-åringen. - Eg fekk vere med på ein treningsleir på Las Palmas, der eg fekk heva nivået på treningane mine ein god del, og i tillegg har eg vore med på eit verdscupstemne og fekk sjå dei store gutta på nært hald, seier Smørdal.