Hopp til innhold

Smelte av fyrverkeri ved veterinær og stall

NORDFJORDEID (NRK): Seint på kvelden fyrte gjerningspersonar av ulovleg fyrverkeri rett ved sidan av eit veterinærkontor og ein stall. Hesten Stings Ferrari vart livredd.

Charlotte Carlson og hesten Stings Ferrari

SKREMD: Stings Ferrari er framleis skjelven etter at fyrverkeriet gjekk av rett ved stallen, eigar Charlotte Carlson er oppgitt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Han vart veldig, veldig redd, seier Charlotte Carlson.

Hesten Stings Ferrari vandrar rundt i innhegninga. Framleis er han prega etter at fyrverkeriet small rett ved sidan av stallen sin. Dagane før nyttår kan vere eit mareritt for hundar og hestar som vert livredde når fyrverkeriet smell over nattehimmelen.

Rett før 23 onsdag kveld tente nokon fyrverkeri berre 20 meter frå Klokkargarden på Nordfjordeid. Her held Eid veterinærkontor til, og i stallbygningen bur det fleire hestar.

– Vi sat heime og høyrde fyrverkeriet, fyrst tenkte vi mest på den eine hunden som vart veldig redd, og som tidlegare har stukke av på nyttårsaftan. Men så fekk eg melding om at rakettane kom frå stallen, seier Carlson som skunda seg for å sjå til hestane.

Brukt fyrverkerikasse

LIKE VED: Restane av fyrverkeribatteriet på 20 skot står framleis på marka framfor veterinærkontoret. I bakgrunnen stallbygningen der hestane held til.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Synet som møtte ho var ein kjemperedd hest. Hestar og hundar taklar fyrverkeri forskjellig. Nokre beheld roa, medan andre kan miste fatninga.

– Han bles med nasen og gjekk rundt og rundt i boksen, og torde seg ikkje bort mot vindauget.

Hesten er framleis prega

Dagen etter er Benedicte Seim i gang med reingjere stallen, ho ser at Stings Ferrari framleis er skjelven.

Benedicte Seim

FØREHANDSREGEL: Benedicte Seim har plast framfor vindauga for å verne hestane mot lysglimta på nattehimmelen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Han er redd og framleis prega. Det var ikkje noko kjekt å sjå han i går, seier Seim.

Det er generelt forbod mot bruk av fyrverkeri heile året i Norge. Men på nyttårsaftan vert det i dei fleste kommunar gjeve løyve til oppskyting mellom 31. desember 18.00 og 1. januar 02:00.

Fare for at hestar spring ut

Carlson seier fyrverkeri lett kan skape farlege situasjonar:

– Hadde eg visst kven som gjorde det, så hadde eg gått til politiet. Om nokon til dømes er ute og rir langs vegen så kan det skje ulukker.

Blida

REDD: Hunden Blida er minst like redd for fyrverkeri som hestar. Ho har tidlegare stukke av frå nyttårsrakettar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Carlson seier at hunde- og hesteeigarar sjølve nyttårsaftan kan ta forholdsreglar, men det er uråd å halde dyr inne ei heil veke i romjula.

Politiet trugar med bøter

I fylgje politiet er det problem kvart einaste år med fyrverkeri i dagane før det er lovleg. Politibetjent Hanne Heggen seier folk kan få bøter.

Hanne Heggen

BØTER: Politibetjent ved Eid lensmannskontor Hanne Heggen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Får vi melding om dette, og finn ut kven det er, så kan ein bli bøtelagt. Det kan koste opp mot 5000 kroner. Dette er eit problem kvart einaste år som vi gjerne vil til livs, men vi er ofte avhengige av at folk melder frå når det skjer.

– Heilt totalt unødvendig

Benedicte Seim håpar folk kan vente med å skyte opp rakettane.

– Eg synest det er veldig unødvendig, folk veit det ikkje er lov men så gjer dei det likevel. Det er ikkje greitt i det heile tatt.