NRK Meny
Normal

Smeltande brear lokkar turistane

NIGARDSBREEN (NRK): Rekordmange turistar har kome til Norge for å sjå på dei store isbreane i sommar. Mange av dei som kjem, er opptekne av klimasaka og vil sjå breane før dei forsvinn.

Rekordmange turistar har kome til Norge for å sjå på dei store isbreane i sommar. Mange av dei som kjem, er opptekne av klimasaka og vil sjå breane før dei forsvinn.

PÅ GLATTISEN: 55.000 turistar har i går besøkt Nigardsbreen i Jostedalen, inst i Sogn.

Dette tek nesten pusten frå ein.

Catherine Todd og kjærasten James Rutherford frå London står spente på byggja ved Nigardsbrevatnet og ventar på å bli skyssa over til Nigardsbreen.

I fleire månader har dei planlagt turen til Skandinavia, og ikkje minst besøket til den populære armen til Jostedalsbreen.

Turistane spør om breane

Rekordmange turistar er blitt skyssa over til Nigardsbreen denne sommaren. Ein ny båt er snart på plass for å ta unna trafikkveksten.

Folk vil vera i aktivitet i ferien, og breane dreg turistane ikkje minst på grunn av interessa for klimasaka som står høgt oppe på dagsorden, seier Steinar Bruheim, dagleg leiar for Jostedalen Breførarlag.

55 000 reisande besøkjer Nigardsbreen denne sesongen. Alle spør om éin ting.

– Det er om breane smeltar, går attende, og om kor lenge Nigardsbreen vil eksistera. Folk er medvitne på at breane er ein indikator på klimaendringane, seier Bruheim.

Isbreane minkar

Catherine Todd og dei 28 andre i turistfølgjet er komne i land etter båtturen og går raskt oppover svaberga mot den skinande brefronten.

Breførar Erlend Bratlie stoppar nokre hundre meter før tunga og fortel kor mykje isen har trekt seg attende berre sidan han byrja å arbeida på Nigardsbreen for fem år sidan.

Ifølgje Norges vassdags- og energidirektorat har isfronten trekt seg cirka 290 meter tilbake sidan 2000. Slik er det òg for dei andre store breane i landet.

Klima med eigne auge

Todd og kjærasten festar stegjerna på fjellskoa sine og er klare for tur på ein av Norges mest besøkte isbrear. Også populære Folgefonna i Hordaland og Svartisen i Nordland har hatt turistvekst denne sesongen.

Dei som kjem, får sjå klimaendringane med eigne auge.

– Eg er sjokkert over å høyra kor mykje breane har trekt seg tilbake. Det får ein til å spørja seg kva effekt dette har på jorda, seier prosjektleiaren frå London, før ho grip om isøksa, festar tauet i karabinkroken og stig opp på breen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.