Hopp til innhold

Sjå kva Dag Tore fann i bussen sin

Då Terje Mjåseth var innom Firda Billag i Askvoll fredag kveld, høyrde han nokre rare lydar. Etter å ha leita både her og der, fann han to geiter. Inne i ein buss. Då ringde han sjåføren Dag Tore Mjåseth ...

Kollage geit

MÆÆÆÆÆÆÆÆ: Dag Tore Mjåseth trudde ikkje sine eigne auge då han såg kva som var i bagasjeromet på bussen.

Foto: privat

– Eg måtte jo ringje og spørje om han hadde gløymt noko. Og han skjønte ikkje noko som helst, ler Terje Mjåseth, som er både kollega og søskenbarn av sjåføren.

Men lat oss ta det heilt frå starten. Altså før geitene kom inn i biletet, orsak, bussen.

Buss-sjåfør Dag Tore Mjåseth køyrde som vanleg bussen frå Askvoll i retning Førde fredag ettermiddag. Omtrent halvveges er det byte av buss for passasjerane som skal vidare.

Skulle flytte baggasje

Det medfører ofte at Dag Tore hjelper passasjerane over i den andre bussen, og har dei bagasje, så hjelper han med å flytte denne over.

– Det gjorde eg også på fredag. Eg opna bagasjeluka under bussen og tok med noko bagasje over i den andre bussen. Så snakka eg litt med sjåføren, før eg returnerte til eigen buss, smelte att bagasjeluka, og køyrde attende til Askvoll, fortel Dag Tore.

Her passar det å nemne at på staden der bussbytet går føre seg, går det også geiter. Men ingen kan hugse å ha sett geitene nærare bussen enn ti-15 meter.

Sat på i to mil

Men mor geit og killingen har truleg trippa på små og velspankulerande klauver bort til bussen, snust litt på den varme og gode Firda Billag-bussen, tenkt at dette var ein stad dei kunne like, og bykst inn.

Men tilbake til sjåføren. Vel framme i Askvoll, to mil seinare, gjorde han som alltid etter enda rute.

– Eg vaska bussen som vanleg (ikkje i bagasjerommet då, sjølvsagt), ein jobb som tek vel ein halv time. Eg høyrde aldri ein lyd som kunne indikere at noko ikkje var som det skulle, fortel Dag Tore.

Mannen som denne veka feira 50-årsdag, tusla så heim for å ta helg, som det seg hør og bør ein bussjåfør på ein fredag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geit

VILLE IKKJE UT: Korkje mor eller killing ville forlate bussen...

Foto: privat

Køyrde dei tilbake med bussen

Så kom altså denne telefonen om geiter i bussen ...

– Eg trudde jo dei tulla. Men eg kom meg no ned på verkstaden og fekk sjå dei to firbeinte med sjølvsyn, ler Dag Tore.

Han skjønte raskt at mor og barn måtte tilbake der dei høyrde til, sjølv om ingen av dei verka til å ha noko naud i bussen. Kanskje tvert om.

– Dei låg så fint og koste seg baki der at det var mest ikkje til å tru, seier Dag Tore.

Han fyrte opp bussen og køyrde dei vel to mila tilbake for å sleppe ut geitene. Men det skulle vise seg å vere langt verre enn å få dei inn.

Nekta plent å forlate bussen

– Dei ville ikkje ut. Etter mykje bal fekk eg først ut mora, så måtte eg kave med killingen, men då smatt mora inn att. Ho streta verkeleg imot og ville ikkje ut. Men no er dei no der dei skal vere, ler Dag Tore Mjåseth.

Han har ikkje teke skrekken av episoden, men kjem til å vere hakket meir forsiktig når bagasjeluka er oppe.

– Men som eg seier, det er langt betre med to geiter inni bussen enn to geiter under bussen, ler den røynde bussjåføren.