Hopp til innhold

Småskadd Ulrik Flo har ståltrua på siger

BERGEN: Både Robin Shroot og Ulrik Flo har rista av seg småskader og er med i Sogndal-troppen mot Brann. – Eg har ståltrua, seier Flo.

Det er eit aldri så lite "El Clasico" som blir spelt på Brann stadion i dag når serieleiar Sogndal møter Brann.

SJÅ VIDEO: Serieleiar Sogndal kjem til Brann stadion. Ulrik Flo gir sine vurderingar av kampen.

Serieleiar Sogndal kjem til Brann på jakt etter sin sjuande strake siger. Ei tangering av den historisk lengste sigersrekka etter at dei tok steget opp i norsk toppfotball i 1976.

– Sjansen for å ta Brann er veldig, veldig stor. Desse kampane er alltid spesielle og gir deg ein ekstra motivasjon og glød. Det er ramma rundt og heile pakka. Det er ein kamp vi alle vil spele. Det er kanskje den mest attraktive kampen i 1. divisjon, seier Ulrik Flo.

Tek ingen sjansar

Sjølv har han lada opp med ein liten skade, og etter treninga laurdag vart det klart at Sogndal ikkje tek sjansen på å bruke stryningen frå start.

I staden får Kristian Fardal Opseth sjansen frå start.

– Eg har slite med noko bak i hamstringen og måtte teste meg ut. Eg kjenner i det når eg kjem opp i litt fart og klarer nok ikkje 90 minuttar. Det er heilt greitt. Det er tett kampprogram og ein viktig kamp, så ein treng ikkje ta sjansar, seier Flo.

Trur på Sogndal

Brann har fått sving på poengsankinga etter at Lars Arne Nilsen tok over ved trenarroret. Den tidlegare Hødd-trenaren har taktisk nok plassert favorittstempelet hos Sogndal.

– Ja, det skal han få lov til. Men det forandrar ingenting for oss. Vi skal fokusere på det vi veit skal til for å gi oss poeng. Vi har gode spelarar og har spelt godt, seier Flo.

– Kvar vil du plassere favorittstempelet?

– Det er ein open kamp, og eg vil ikkje utnemne nokon favoritt. Men eg har i alle fall ståltrua.

SOGNDAL: Stefan Hagerup, Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyche, Victor Grodås, Lars Christian Kjemhus, Petter Strand, Babacar Sarr, Rune Bolseth, Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo.

BENKEN: Mathias Dyngeland, Simen Brekhus, Edin Øy, Eirik Skaasheim, Robin Shroot, Jim Johansen, Ulrik Flo.

Laster innhold, vennligst vent..