Hopp til innhold

Small i hop i rundkøyring

To bilar kolliderte tysdag føremiddag i rundkøyringa ved Førde hotell i Førde.

Kolliderte i rundkøyring i Førde

IKKJE PERSONSKADE: Det var tre personar i dei to bilane, men ingen skal ha komme fysisk til skade.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– To vaksne og eitt spedbarn var i bilane, men ingen vart skadde, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Uhellet vart meldt like etter klokka 09. Politiet opprettar sak på uhellet, men Rimmen vil ikkje gå i detalj på korleis uhellet har gått til.

– Vi må ha forklaring frå bilførarane. Men stort sett når det er snakk om denne typen uhell, så er det snakk om at nokon ikkje har halde vikeplikta, seier Rimmen.