Hopp til innhold

Yrkessjåførar krev utbetring av E39

Yrkessjåførar reagerar på smale vegskuldrer og bratte grøftekantar på E39 langs Jølstravatnet. Statens vegvesen kan berre love delvis betring.

Trangt om plassen på E39

TRONGT OM PLASSEN: Geir Elling Nyland tar til orde for utbetringar og betre vedlikehald på E39.

Foto: Privat

Forrige søndag køyrte ein trailer utfor vegen på E39. Dette skal ha skjedd i samband med at bilen han møtte låg for langt inn mot midten av vegen.

Geir Elling Nyland (34) har vore yrkessjår i 15 år og meiner det er mangelfullt vedlikehald og dårleg standard på riksvegnettet.

– Vegane vi køyrer på i dag toler ikkje den trafikkmengda vi har i dag. Den har auka både med tanke på vanlege bilista og tungtransport, utan at vedlikehalde har klart å halde følgje, seier Nyland.

Eit dagleg problem

Det er spesielt smale vegar og vegskuldrer Nyland trekk fram som eit problem i det daglege virket. Når to store bilar møtast må dei ut på vegkanten, og det kan variere med centimeter om dei går klar eller ikkje.

– Det pleier å gå bra, men dei gongane ein må utom asfaltkanten, som har blitt svært høg på grunn av fleire lag med asfalt, er grøftene så bratte at ein blir ståande, eller i verste fall veltar, fortel yrkessjåføren.

Nyland er overraska over at det ikkje skjer fleire utforkøyringar, som følgje av møtande trafikk. Han har opplevd dette sjølv, og tenkjer på det når han er ute og køyrer.

– Ein høyrer om hendingar frå kollegaer og gjennom media, det er klart at dette påverkar ein i det daglege, seier 34-åringen.

– Kom å sjå sjølv

Nyland meiner Statens vegvesen burde samarbeidd på ulike prosjekt, slik at dei til dømes kunne bruk tunellmasse for å gjere vegskuldrene breiare.

– Det kjennes meiningslaust når ein køyrer forbi anlegg der det ligg mykje god masse, som berre skal dumpast. Dette er god materiale som kunne vore brukt til utbetring av vegane, seier han.

Yrkessjåføren vil gjerne at nokon med påverknadskraft skal kome å vere med han på ein arbeidsdag i bilen, for at dei skal få innblikk i situasjonen slik han ser den.

– Det er stor forskjell på å sjå trafikkbilete frå ein vanleg personbil og frå ein stor trailer. Personen skulle til og med fått prøvd å køyre, så kan han sjå kor vanskeleg det er å passere møtande trafikk på enkelte stader, seier Nyland.

– Vis omsyn

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

VIS OMSYN: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen region Vest meiner folk må vise omsyn når dei møter store kjøretøy.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Yrkessjåføren får støtte frå avdelingsfirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen region Vest på at vegane mange stader har for dårleg standard.

– Det bør vere ein målsetnad at heile riksvegnettet skal ha gul midtlinje. Dei vegane som ikkje har det er for smale, seier han.

Planlegginga for strekninga frå Skei til Bjørset er ferdig, men i området der utforkøyringa skjedde sist søndag har Statens vegvesen ingen planar om utbetring.

– Vi må prioritere dei vegstrekningane utan gul midtlinje, men vi har lenge ønskja oss meir midlar til vedlikehald av vegnettet, forklarar Slinde.

Han ber heller folk om å vise omsyn når dei møter store bilar.

– Ein kan ikkje bruke meir plass enn ein har til rådigheit. Er det ikkje gul midtlinje er det ikkje passering for to stor køyretøy, seier avdelingsdirektøren.