Hopp til innhold

Skal gjere tunnelen smalare for 63 millionar kroner

Seimsdalstunnelen på fylkesveg 303 i Årdal har 4,3 meter køyrebane og er ikkje anbefalt for bilar over 3,3 meter. No kjempar innbyggjarane for at tunnelen ikkje skal bli smalare.

Frakta hus gjennom låg tunnel i Årdal

FRYKTA: Tunnelen er lang, smal og låg. Tiltaka som er planlagde her vil gjere den endå smalare for bilistane.

Foto: Egil Jørgen Lund

Den 1 515 meter lange tunnelen mellom Årdalstangen og Seimsdalen i Årdal. Tunnelen ligg inne på det som kallast marginalprosjekt i handlingsprogramet for fylkesvegane i Sogn og Fjordane, med 63 millionar kroner.

Det vil seie at tunnelen ikkje nødvendigvis får pengar i løpet av perioden 2014-2019. Den ligg inne som eit av prosjekta som kan få pengar dersom fylkeskommunen frå auka løyvingar til veg.

Millionane skal gå med på å gjere tunnelen langt smalare for bilistar. I dag må både harde og mjuke køyrety dele asfaltbreidda på kring seks meter.

– Køyrebana skal snevrast inn, og det skal lagast gang- og sykkelveg der inne. Skal dei først gjere noko der, så tykkjer vi det er betre å ta desse pengane og legge på litt ekstra slik at vi kan få noko framtidsretta, meiner Trond Akre.

Ikkje framtidsretta

– Vi meiner det berre er ei løysing, og det er å få på plass ein ordentleg tunnel som er framtidsretta og som følgjer vegnormene. Det gjer ikkje denne. Om det blir å utbetre eksisterande eller å lage ny tunnel, det får dei som skal byggje avgjere, legg Akre til.

Tunnelen vart påbyrja i 1955 og overlevert som ferdig i 1965. Den vart bygt som ein einfeltsveg. Sidan har det vore gjort lite med tunnelen. Seimsdal er ettertrakta med rimelege kommunale tomter.

Ei trafikkteljing i 2003 viste over 900 køyrety i døgnet.

Fekk dyrare hus

Onsdag fekk husbyggjar Arnulf Bjørvik merke det på lommeboka, då ferdighuset plutseleg vart 30 000 kroner dyra på grunn av tunnelen.

Det måtte både ekstra transport, mannskap og utstyr til for å få ferdighuset på plass.

– Det er fortvilande, men eg fekk beskjed av husprodusenten at dei ikkje ville køyre gjennom tunnelen med modulane. Så då måtte eg berre finne ei løysing, seier Bjørvik.

Fryktar å køyre der

Tunnelen har i lengre tid vore til hovudbry for dei kring 500 fastbuande i grenda. Den er både låg og smal, medan lysforholda ikkje stettar vegnorma. Slagholer i vegbana dukkar stadig opp. Frå vegvesenet har innbyggjarane fått opplyst at dette skuldast dårleg grunnarbeid.

Verst tykkjer Akre det likevel er for mjuke trafikantar som må gjennom tunnelen på ettermiddag og kveldstid.

– Det er mørkt og ofte hol i vegbana som gjer at bilistane må følgje minst like mykje med på dei som på andre bilar, syklande og gåande. Til og med vi som køyrer bil er redde for å køyre der. Det er ikkje alle som brukar refleks, seier Akre.

Fryktar tiltak

Innbyggjarane har sett ned ei gruppe som skal jobbe for ei ny og betre tunnelløysing. Like før valet i haust, fekk dei nyss om at kommunen i 2009 gjekk god for alternativet som vegvesenet ynskjer å gå for i tunnelen:

Ei rad med store betongblokker skal dele vegbana i to, der eine delen vil vere for mjuke trafikantar. I tillegg skal det sprengjast ut møteplassar for bilar, for kvar 250 meter.

Sjølv om dei mjuke trafikantane gjerne får det betre, poengterer Akre at både breidde, belysning og vegdekkje framleis vil vere for dårleg. Det kan også bli kaotiske tilstandar når store køyrety møtes i tunnelen.

– Kva med miljøet når bilane står på tomgang? Tunnelen er for låg til å montere vifter i. Og kva om det skal byrje å brenne der og det gjerne er folk i tunnelen? Kjem naudetatane seg fram, undrar han.

Dina Lefdal som er sjefsingeniør i Statens vegvesen seier det ikkje er endeleg bestemt at det er denne løysinga ein kjem til å gå for, når det blir pengar til tunnelen.

– Men dette er den løysinga som Årdal kommune har sagt at dei legg til grunn.

Ordførar skal i møte

Arild Ingar Lægreid

TEK TAK: Ordførar Arild Ingar Lægreid har allereie avtalt møte med vegvesen og fylkeskommune.

Foto: Siren Svortevik

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, vedgår at dette ikkje vil vere noko fullgod løysing.

– Eg trur nok at med dei krava som blir stilt i dag, så må vi ha ei fullgod løysing når noko først skal gjerast. Vi er i god gang med arbeidet no. Eg skal i neste veke i møte med vegvesenet og fylkeskommunen, seier ordføraren.

Håpar på løysing

Han vil ikkje forskottere kva som kan bli resultatet av arbeidet som no er starta. Lægreid trur likevel at ein uansett løysing, kan klare å kome i gang med prosjektet som planlagt.

Akre håpar at innbyggjarane i samarbeid med kommune og vegvesen kan kome fram til ei ordning.

– Om det blir ein eigen tunnel for mjuke trafikantar, oppgradering av eksisterande eller ny tunnel er det same. Berre det blir noko bra og framtidsretta, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.