Hopp til innhold

Suksess for den første Smaksfestivalen

– Eit einaste langt smakseventyr. Langt betre enn kva vi hadde håpa på.

Sjå video frå folkelivet i Florø. Foto/redigering: Truls Kleiven.

SJÅ VIDEO AV FOLKELIVET: Mat, øl og kokkekamp stod på programmet i Florø. Foto/redigering: Truls Kleiven.

Slik oppsummerer festivalsjef Roger Bareksten den første mat- og ølfestivalen i Florø, «Smaksfestivalen godt i gapet».

Heile laurdagen til ende var Torggata fylt av mat, drikke og ikkje minst mykje folk.

– Veldig kjekt å sjå den levande byen. Dette vart nesten som Gladmatfestivalen i Stavanger, om enn i langt mindre skala. I alle fall som Sildebordet brukar vere her i Florø, oppsummerer Bareksten.

Fulle restaurantar

Det heile starta med Bondens marknad, vart etterfølgt av kokkekamp med laks som hovudingrediens, før festivalen gjekk over i ølmodus med 50 ulike ølsortar på smakskartet. Sistnemnde trakk ikkje minst mange ivrige heimebryggjarar til kystbyen.

– Det var enorm trykk på ølfestivalen. I tillegg var det stinn brakke på fem restaurantar rundt om i byen. Eg veit ikkje om det har skjedd før. Vi klarte å selje 300 restaurantpakkar, seier Bareksten.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Smaksfestivalen i Florø

MYKJE Å SMAKE PÅ: Store og små fann vegen til Smaksfestivalen i Florø laurdag.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Lovar fleire festivalar

Bak den nye festivalen står Byen vår Florø, florøværingane si handelsforeining. Målet var å gå i null, resultatet blir overskot.

– Vi sa at vi skulle skape liv og røre frå klokka 10 på føremiddagen til halv tre på natta. Det gjorde vi, meiner festivalsjefen som saman med mange andre avslutta etegildet med fest og levande musikk i festivalteltet i Torggata.

No reknar Bareksten med at Smaksfestivalen blir ei årviss hending.

– Eg kan ikkje tenke meg noko anna. Dette vart ein pangstart over all forventing. No har vi fått til tre store arrangement i Florø som vi har spreidd utover sommaren. Vi har Himmel og hav juni, Våt moro midten av juli, og no også Smaksfestivalen i august.