NRK Meny
Normal

Småkraftverk avhengige av ny kraftlinje

Den nye kraftlinja gjennom fylket må til for at nye kraftverk skal kome på nett. Det seier direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens.

Kraftlinje og Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi

SKAPAR TRØBBEL: Utsetjinga av kraftlinja mellom Ørskog og Fardal gjer det vanskeleg for nye småkraftverk å kome til, ifølgje direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens.

Foto: Rune Fossum/Sondre Dalaker / NRK

Arbeidet med kraftlinja mellom Ørskog og Fardal blei stoppa då grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger fekk medhald i retten om at konsesjonsvedtaka var fatta på ugyldig grunnlag.

– Skapar problem for mange

Samstundes er det planlagt 200 nye kraftverk i Sogn og Fjordane dei neste fem åra. Utsetjinga av kraftlinjebygginga vil skape problem for fleire småkraftverk, slår Behrens fast.

– For alle nye kraftverk representerer denne historia i Myklebustdalen eit stort problem. For den nye linja gjennom Sogn og Fjordane må til for at nye kraftverk skal kunne kome på nett, seier han.

Utsetjinga av kraftlinja har vakt stor merksemd, og fleire har kasta seg inn i debatten. Statnett har hevda at mellom 75 og 100 millionar kroner kan vere bortkasta, dersom dei ikkje får starte opp att arbeidet i Myklebustdalen.

Dette skjer samstundes som at regjeringa har forplikta seg ovanfor EU, til å auke energiproduksjonen med om lag 15 prosent innan 2020. I tillegg fører skattereglar og uvisse i energibransjen til at færre torer å satse på dei store krafta. Resultatet blir at ein byggjer fleire små, noko naturvernarar fryktar.

Mange har venta lenge

Men skal dei små kraftverka kome seg på nett, må den store kraftlinja på plass.

– Elles klarar ein ikkje å få denne krafta ut. For den kjem stort sett om sommaren når det er overskot lokalt. Samstundes vil linja vere viktig for vinterforsyninga når det er lite produksjon lokalt, seier Behrens.

Han seier at ei rekkje småkraftverk har venta lenge på tilgang til nettet.

– Det er innført restriksjonar slik at konsesjonane vert gjevne på den føresetnad at dei får tilgang til nett. Og utan denne nye linja er det veldig mange kraftverk som ikkje får det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.