Hopp til innhold

Småkraftprodusentar fryktar konkursar - kjenner seg lurte av dei raudgrøne

Låge straumprisar og mørke framtidsutsikter gjer at småkraftforeininga fryktar ei rekkje konkursar. Det gjeld særleg produsentane som ikkje fekk såkalla grøne sertifikat.

Småkraftverk

FRYKTAR KONKURS: Mange småkraftverk kjem ikkje inn under ordninga med grøne sertifikat.

Foto: Eva Sleire / NRK

Leidulf Bogstad i Årdal i Gloppen føler seg lurt av den raudgrøne regjeringa.

Småkraftverket i Årdal i Jølster produserer straum berre nokre timar i døgnet.

– Februaroppgjeret kom inn på konto no, og det var vel nok til å dekkje renter og avdrag i ein og ein halv dag. Så det var omtrent ingenting, seier dagleg leiar Leidulf Bogstad.

Investerte 40 millionar kroner

Men det er ikkje den rekordtørre vinteren som bekymrar han.

Saman med dei andre grunneigarane har han investert om lag 40 millionar kroner i to småkraftverk. Dei torde å investere på grunn av lovnaden om grøne sertifikat.

– Vi stolte på dei løfta som vart gitt, først av dei borgarlege og så av dei raudgrøne, mellom anna i ein stortingsproposisjon, seier Bogstad.

Dei grøne sertifikata gjer at produsentane av fornybar energi får eit tillegg til kraftprisen.

Ordninga skal gjere det ekstra lønsamt, og dermed ekstra attraktivt å byggje ut fornybar kraftproduksjon.

Lovnaden var at alle som bygde etter 2004 skulle kome med i ordninga. Men då ordninga som er felles for Norge og Sverige kom på plass var det berre kraftverk bygde etter 1. september 2009 som kom med.

Trur på mange år med raude tal

Bogstad trur dei kjem til å klare seg. Men trur på fleire år med underskot.

– Vi overlever, det trur eg. Men det vil bli nokre tøffe år framover med eit prisnivå på 20 øre og ei stigande rente som vi kanskje må rekne med, seier Bogstad.

For andre er situasjonen verre. Leiar i Småkraftforeininga, Trond Ryslett, seier at kraftverk allereie lever på nåde frå banken.

– Det er forferdeleg. Lovnadene var jo breie frå alle politiske parti, og så skifta dei plutseleg spelereglane undervegs, seier Ryslett.

Dermed kom dei som hadde bygd nytt, i saksa.

Må ha kjekke bankar i ryggen

– Det var ein del av dei som hadde bygd ut som hadde høge utbyggingsprisar. Då dei bygde så var kraftprisane ein del høgare enn no. Dei må iallfall ha kjekke bankar dersom dette skal gå bra, seier Ryslett.

Leiar i energikomiteen på Stortinget, Erling Sande frå Senterpartiet, vil ikkje vere med på at småkraftprodusentane er utsette for eit raudgrønt løftebrot.

– Det er vel strid om dette var ein lovnad eller om det var nokon parti som varsla at dette var noko dei ville jobbe for. Slik er det ofte i politikken, seier Sande.

Han legg til at det ikkje er tvil om at Senterpartiet ønskte ei anna tidsfrist.

– Samtidig var vi veldig opptekne av å få på plass ei ordning med grøne sertifikat. Det var ei sak vi hadde jobba med i mange år og det var viktig å få ho på plass. Så vart ho utforma slik som ho vart, og det førte til at nokon fall utanfor, seier Sande.

Vil ikkje sjå på saka på nytt

Og det er ikkje aktuelt å sjå på saka på nytt.

– Eg oppfattar heller ikkje at nokon at opposisjonspartia er interesserte i det, dersom dei skulle ta over regjeringsmakta. Ein må kanskje heller sjå på andre måtar framover som ein kan leggje til rette for denne næringa på, seier Sande.

Han peikar også på at det er prisen på krafta som vil avgjere kva inntening krafteigarane har på krafta si.

Men dei neste åra kjem kraftprisane truleg til å vere låge. Enorme mengder ny kraft skal inn på marknaden, nettopp fordi sertifikatordninga fører til storstila utbygging.

Hadde hatt tre mill. meir med sertifikat

Hadde Leidulf Bogstad og Årdal kraft fått grøne sertifikat, ville det utgjort om lag tre millionar kroner i fjor.

Det er skilnaden på stort underskot og overskot. Men no får dei og dei om lag 180 andre småkraftverka i same situasjon dobbel straff. Dei får låge kraftprisar, og ikkje grøne sertifikat.

– For oss som ikkje kom med er sertifikatordninga ei ulykke i og med at det kjem veldig mykje ny kraft inn på marknaden, noko som vil føre til at prisane vil gå ned, seier Bogstad.