Hopp til innhold

Småkraft vart inga gullgruve i fjor

2010 vart eit svært dårleg år for små­kraftprodusentane i Gloppen.

Totalt fekk ni småkraftverk redusert inntektene med 17,2 millionar kroner samanlikna med året før, skriv Firda.

- Svart men likevel ikkje heilsvart, og 2011 teiknar til å bli eit godt år, seier Atle Støyva i Byrkjelo kraft.

Eitt selskap i Gloppen hadde nøyaktig same inntekt som i 2009, medan to hadde ein liten auke i inntektene.