Hopp til innhold

Usemje knytt til ringverknadane av småkraftverk

Småkraftkonsulent meiner småkraftverk er bra for bygdene, medan naturvernarar hevdar det er eit stort tap for ålmen interesse.

småkraft
Foto: Eva Sleire / NRK

– Her i Sogn og Fjordane har vi svært gode eksempel på at småkraftverk har blitt viktige tilleggsinntektskjelder for gardsbrukarar, seier Terje Engvik, som driv eit konsulentfirma for fornybar energi.

Dei neste åra kan Noreg få 1000 nye kraftverk grunna eit politisk ønskje om å auke produksjonen av fornybar energi, og Sogn og Fjordane ein femtedel av dei.

– Eit stort tap

Engvik meiner småkraftverka er positive tilskot i lokalsamfunnet.

– Når det blir etablert eit godt miljø for lokaleigd småkraftsnæring gjev det mange positive verknadar for eigarar og lokalmiljø, seier han.

Naturvernarar har i det siste reagert på den omfattande vasskraftutbygginga som er venta i fylket fram mot 2020. El-sertifikatordninga, ei støtteordning til produsentar av fornybar energi, har stimulert til eit søkjarskred på vasskraftverk.

Fylkesleiar i DNT, Marino Ask, synast det er skremmande at Sogn og Fjordane kan få 200 nye småkraftverk dei neste seks åra.

– Viss eit så mange kraftverk skal byggjast i fylket så er det eit stort tap for natur, naturmangfald og for ålmen interesse, seier han.

– Folk er fortvila

Æresmedlem og tidlegare leiar i Naturvernfobundet, Eirik Solheim, har merka frustrasjonen blant folk som reagerer på utbygginga av småkraftverk.

– Har fått fleire telefonar frå folk som er fortvila fordi det er planar om å ta ein foss, eller den fiskeelva som dei har sett føre seg å gå med ungane. Det er heilt opplagt at dette er eit viktig element, seier Solheim.

Engvik meiner at situasjonen ikkje er så dramatisk.

– Det er ingen som tar vatnet frå elva eller bygda. Det som skjer ved småkraftutbygging er at ein lånar litt av vatnet over ei lita strekning, seier han.