Hopp til innhold

Smågnagarar herjar i vestlandshagane

Hol overalt, rasert grønsakhage og staudebed, og ein plen full i tunnelar. Hos Judith Hegrenes har kortføtte og plagsame nattevandrar herja vilt under snøen i vinter.

Vånd herjar på Vestlandet

REINSKA: I desse kassane skulle det vore både jordbærplanter, rabarbra og grønkål no. Smågnagarar hadde andre planar ...

Foto: Privat

Tydelege spor etter vånd

GANGAR: Marka hos Judith Hegrenes ber tydeleg preg av at smågnagaren har hatt ein aktiv vinter.

Foto: Judith Hegrenes

– Det einaste positive er at plenen, som var full av mose, har fått seg ei skikkeleg «oppriving». Eg håpar dei fekk med seg røtene der også, seier Judith Hegrenes.

– Ikkje ei rot att

Lengst inne i Angedalen i Førde har små firbeinte hatt festmåltid etter festmåltid i hagen til Hegrenes. Under eit godt lag med snø, har smågnagar fått herje i ro og mak.

Hegrenes var meir enn klar for å ta til på hagearbeidet, då ho oppdaga resultatet. Berre ein stakkar jordbærplante fekk stå i fred.

Jordbær med syre er ikkje godt

JORDBÆR: Judith Hegrenes konstaterer at vånd ikkje er glad i syre. For denne einaste jordbærplanten som står att har ein stor syreplante i midten.

Foto: Judith Hegrenes

– Eg venta å sjå rabarbra, løpsstikke og grønkål i grønsakhagen, men heile bedet var heilt svart og fullt av djupe hol og spor. Det var ikkje ei rot att, fortel ho.

– Tett hola og kutt gras og busker

Skadedyrkontrollør Per Olav Erikstad hos Agila Vest, seier Hegrenes ikkje er åleine. Han har fått meldingar frå heile fylket. Og det starta i fjor haust.

Per Olav Erikstad, godkjent skadedyrbekjemper

MANGE MELDINGAR: Per Olav Erikstad i Agila har fått mange spørsmål frå folk som har oppdaga både store holer og lange tunnelar etter at snøen forsvann frå marka.

Foto: Agila Vest AS

Syndaren er heiter vånd, ein nær slektning av markmus og fjellmarkmus, og trivast godt i høgt gras.

– Den er hovudsakleg på kysten og trivast best i fuktig område, men eitt og anna år kjem den innover landet, seier Erikstad.

– Kva kan ein gjere?

Vånd har laga mange holer.

MANGE HOLER: Denne marka i Jølster har mange og store hol.

Foto: Privat

– Vand likar seg veldig i utkanten, inntil eit beiteområde der det både er høgt gras og busker. Eg ville først skore buskene mest mogleg ned, klipt graset og så tette hola. Så ville eg sett kva hol det eventuelt er liv i og kontakta ein profesjonell skadedyrbekjempar.

Reir i potentilla

Erikstad fortel at gnagaren har tenner på storleik med ei rotte, men er mindre i storleik. Den er likevel større enn ei vanleg mus. Den trekkjer ikkje inn i hus. Om det er det siste den gjer, så kan den setje tennene i kablar.

Ei pynterot har vore gjestehus

REIR: Ei pynterot har vore gjestehus for smågnagaren.

Foto: Judith Hegrenes

– Den et hovudsakleg planteartar, men får den sjansen til det, så gneg den også på kablar, seier Erikstad.

Dei mange hola og meterlange gangane i hagen til Hegrenes fortel om både ein svolten og aktiv liten krabat.

– Gangane går fleire meter bortover. Det ser ut til at dei har hatt det lunt og fint i ein potentilla i vinter. Der er det «isolert» med mose langs bakken, seier ho.

– Ukueleg optimist

Vånd teken av felle

VÅND: Vånd er ein smågnagar, som er større enn mus, men mindre enn rotte.

Foto: Privat

Hegrenes har ikkje planar om å ta opp kampen mot smågnagaren åleine.

– Då trur eg at eg får det travelt, humrar ho og vedgår at herjingane ikkje har lagt noko dempar på vårlysta for å arbeide i hagen.

– Eg er ukueleg optimist, så eg har allereie kjøpt nye jordbærplantar som skal plantast. Så må eg få tak i nokre rabarbrarøter, avsluttar ho.