Normal

Slike gjer skade for over 50 millionar i året

– Ein skulle mest ikkje tru at det er sant, men når du ser bilete av kor mykje skader ei rotte kan gjere, så må ein berre tru på det.

Slik unngår du rotter og mus i hus

GJER SKADE: Smågnagarar kan gjere enkeltskadar for over ein million kroner om dei først kjem seg i hus og får leve i skjul.

Foto: Anticimex

Det seier Jon Berge, informasjonsdirektør i IF, om dei store skadane som smågnagarar påfører norske bygg gjennom året.

Jon Berge

STORE SKADER: Jon Berge i If seier at det ikkje er uvanleg å sjå mus gjere skade for fleire hundre tusen kroner. – Når det er fleire hundre slike skader per år, så blir det ein del pengar av det samla sett, seier han.

Foto: IF Skadeforsikring/Kilian Munch

I løpet av eitt år står smågnagarane for kring 30 prosent av alle skadedyrangrep. Prislappen passerer svimlande 50 millionar.

– Det dei ikkje står for i tal skade, tek dei definitivt att i kostnad, konstaterer Berge.

Uvanleg mykje i år

Det kan også Per Olav Erikstad skrive under på. Han arbeider som skadedyrkontrollør i Sunnfjord og har sett uvanleg mykje smågnagarar som trekkjer innomhus i vinter.

Ein mild og fuktig haust har gjort at musene har levd godt ute. No når kulda har kome trekker dei inn. Då kjem problema for huseigarane.

– For veldig mange av dei som tek kontakt med oss profesjonelle, så har problemet kome for langt, seier Erikstad.

– Det er ikkje musene ein ser eller får i fella som er problemet. Det er alle dei som lever i skjul, seier han.

Formeirar seg raskt

Legg ut gift for å bekjempe skadedyr

KONTROLLØR: Kjellaren Per Olav Erikstad inspiserer har gamal gråsteinsmur med mange holrom der musene kan skjule seg. – I hus med slike murar eller krypkjellarar kan det vere starten på eit museinfisert hus, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ei mus treng ikkje større opning enn seks millimeter for å komme seg inn. Då kan den også formeire seg raskt om den får leve i skjul. Ei mus kan få opp til ti kull i året.

Og den kan leve av nær kva som helst.

– Dei kan ete på klede og tøy, treverk, isolasjon og leidningar. Dei klarar seg nesten utan drikke. I ein kjellar kan dei klare seg med det som finst av kondens på røyr, eller den fukta som er i treverket, seier Erikstad.

Ikkje lett å bli kvitt

•	Mus som har ete sund innpakningspapir (berre bitar ligg att av papiret i tillegg til ekskrement fr

EKSKREMENT: Musene la att både ekskrement og papirrestar etter dette måltidet.

Foto: Agila Vest

Skadane blir kostbare og komplekse å rydde opp etter. Informasjonsdirektør Berge seier han har sett mange skader på over fleire hundre tusen kroner.

Og enkeltskadar på over ein million kroner.

– Det er heilt forferdeleg kor hardt dei kan angripe eit hus om dei får utvikle seg over tid, legg Berge til og ber folk sjå godt etter i hus og hytter.

I år er musefeller for lite

Legg ut gift for å bekjempe skadedyr

JAKTAR: Smågnagarar har gjeve skadedyrkontrollør Per Olav Erikstad ein hektisk vinter.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dersom ein først har fått eit museproblem vil eg tilrå folk å ta kontakt med fagfolk eller søke på internett, seier Erikstad.

Eit enkelt råd til folk i byggjefelt med små hagar er å køyre vekk gras, eller ha graset i lukka kompostbingar. Det gir færre yngleplassar.

– Det kan halde bestanden på eit nokolunde nivå. I eit ekstraordinært år som dette kan det vere god hjelp.

– Kva med dei gode, gammaldagse musefellene?

– Dei er framleis gode, men i ekstraordinære år som i år, blir feller rett og slett for lite, seier Erikstad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune