Hopp til innhold

Småbåt heldt på å søkke etter grunnstøting

Ein småbåt blir no hjelpt til land av kystvakta. Båten hadde teke inn ein del vatn etter å ha gått på grunna like utanfor Florø.

Bergar synkande båt i Florø

FÅR HJELP: Ein småbåt som såg ut til å søkke, får her hjelp av fleire fartøy.

Foto: NRK-tipsar

Redningsskøyta Halfdan Grieg, kystvakta, ein privatbåt og ein oppdrettsbåt var alle med på redningsoppdraget.

Tipsaren som har sendt inn bilete seier båten låg djupt i vatnet og såg ut til å søkke.

Situasjonen er no under kontroll, opplyser Bjørn Magnussen frå Hovudredningssentralen litt over halv fire.

Kystvakta vil no hjelpe båten på land. Det var to personar og ein hund ombord i båten då den grunnstøtte.

– Båten har fått ein del skader i hekken og har tatt inn ein del av vatn. Ein av dei som var ombord får førstehjelp på grunn av mindre kuttskadar. Den andre ombord er uskadd, seier Magnussen.

Redningsoppdrag i Florø