NRK Meny
Normal

Regjeringa vil ha større kommunar, men dei små kjem best ut på kommunebarometeret

Færre og større kommunar er visjonen til den blåblå regjeringa. Dette sjølv om innbyggjarane i småkommunar ser ut til å vere mest nøgde med det kommunale tenestetilbodet.

Ekspertutvalgets første delrapport legges fram.

LA FRAM: Ekspertutvalet, med Signy Irene Vabo (t.v.) i spissen, sin første delrapport tilrådde kommunar med minimum 15.000 innbyggjarar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Kommunal rapport si rangering over kommunane, viser at berre 13 av dei 50 beste har meir enn 15.000 innbyggarar.

Leiar i regjeringa sitt ekspertutval, Signy Irene Vabo, meiner kommunerangeringa ikkje fortel heile sanninga:

– Det er fordi vi veit at eldre og personar med lågare utdanning, som det er fleire av i små kommunar, ofte svarar positivt på denne type undersøkingar, seier ho.

Utvatna tenester

Vabo og ekspertgruppa tilrådde i mars kommunar med minimum 15.000 innbyggjarar . Rapporten skal vere styrande for kommunereforma som regjeringa ynskjer.

Olav Lunden

UROA: Olav Lunden (Ap) meiner det storleiken har mykje å seie for tenestetilbodet i kommunane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men ser ein på dei førebelse tala frå det nyaste kommunebarometeret, så er det småkommunar som Leikanger, med sine 2.255 innbyggjarar, som gjer det best. Dei er landets tredje beste å bu i, og best i Sogn og Fjordane.

– Det har nok med nærleiken å gjere. Eg trur at dersom du har lengre avstand til ting, så vil tenestene også bli litt meir utvatna og ikkje lagt så mykje sjel i, seier ordførar Olav Lunden (Ap).

Nær og effektiv drift

Tala kjem frå kommunane sjølve, og rangerer kommunane sine tenester ut ifrå 127 nøkkeltal. Toppen av lista er dominert av mindre kommunar, og berre 13 av dei 50 beste har over 15000 innbyggarar.

Hege Nordheim-Viken

ORDFØRAR: Hege Nordheim-Viken (Sp).

Foto: Høylandet kommune

Høylandet i Nord-Trøndelag har 1.263 innbyggjarar, og toppar den samla rangeringa.

– For vår del er det nok eit godt arbeid som er lagt ned over lang, lang tid. Vi har godt kompetente folk, engasjement og nærleik mellom den politiske avgjerda, administrasjonen og innbyggjarar som gjer at vi heile tida er på søk etter å drive mest mogleg effektivt ut frå dei rammene vi er gjevne, seier ordførar Hege Nordheim-Viken (Sp).

Mest nøgde i små

Professor Nils Aarsæther ved Universitetet i Tromsø, seier tre nye undersøkingar tyder på at folk er mest nøgde med småkommunar.

– Det tyder jo på at sjølv mindre kommunar er i stand til å levere dei grunnleggande tenestene på ein god måte, seier han.

Leiar Vabo i ekspertutvalet presiserer at småkommunane også har fordel av høgare inntekter og difor gjer det bra.

– Det kan godt vere slik at dei leverer betre tenester, men det treng ikkje skuldast at kommunen er liten, men til dømes inntektsnivået. Det kan vere nærleikseffektar, og ting som ikkje kjem fram i slike analysar. Men gjennom enkle analysar så ser vi jo det er forklaringar som ikkje har med kommunestorleiken å gjere, seier ho.

Lunden uroa

Nils Aarsæther

PROFESSOR: Nils Aarsæther hos Universitetet i Tromsø.

Foto: Petter Strøm / NRK

Professors Aarsæther tykkjer det er rart at Vabo og ekspertutvalet meiner større kommunar også betyr betre tenester.

– Utvalet har heilt rett i at større kommunar gir større fagmiljø. Men folk som bur i kommunar med store fagmiljø rapporterer på ingen måte at dei er meir nøgde med tenestene, samanlikna med dei som får teneste frå mindre fagmiljø, seier han.

At Vabo likevel står fast på at det er gode faglege grunnar for å meine at 15.000 innbyggjarar er eit minimum for kommunane, uroar ordførar Lunden i Leikanger.

– Tre eller fire små kommunar får ein viss sum i økonomi, men eg trur ikkje at den totale summen blir til den nye storkommunen. Då skal vi heilt sikkert ha storfordelar og redusere kostnadene på det enkelte tenesteområdet. Då blir tenestene også dårlegare, etter mitt syn.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.