Hopp til innhold

Grendeskulane får skulda for trong økonomi

FJALER (NRK): Fjaler kommune brukar mykje pengar på å halde liv i tre grendaskular. No er kommuneøkonomien så trong at rektoren ved den største barneskulen har sagt opp.

Kari Heier Nistad

FOR MANGE SKULAR: Nyleg avgått rektor ved den største skulen i Fjaler, Kari Heier Nistad er klar i talen: – Fjaler kommune er ikkje stor nok til å ha så mange skular. Ein må prioritere.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Med utsikt over Dalsfjorden står Kari Heier Nistad og grev i eit blomsterbed. I 26 år var ho rektor ved barneskulen i Dale, no har ho sagt opp jobben i protest.

– Eg vil seie frå om at dette ikkje går lenger. Eg kan ikkje og vil ikkje vere ansvarleg for ein skule der ressursane er så knappe, seier ho til NRK.no.

– Mi plikt å seie frå

Oppseiinga er eitt av fleire teikn på trong kommuneøkonomi. Kommunen har slutta å brøyte private vegar, det er gjennomført store kutt ved skular og sjukeheim og ordføraren kutta store deler av løna si for å vise at ho tek situasjonen på alvor.

For Heier Nistad vart ressursane så knappe at ho ikkje følte ho kunne sikre ei forsvarleg drift.

– Det alvorlegaste er at vi ikkje klarer å fange opp og følgje opp elevar som har utfordringar. Vi greier ikkje å nå kompetansemåla læreplanen legg opp til, og då er det mi plikt å seie frå.

Dagens tre grendeskular i Fjaler, frå venstre, Våge skule, Flekke skule og Guddal skule

GRENDESKULAR: Det er i dag tre grendeskular i Fjaler. Frå venstre Våge skule, Flekke skule og Guddal skule.

Foto: Starheim/Stølen / NRK

Få elevar per skule

Ola Hovland

TRONG ØKONOMI: Fjaler-rådmann Ola Hovland seier økonomien har vore trong, spesielt dei siste tre åra. – Men på dei målingane som blir gjort i ulike barometer ligg Fjaler kommune blant dei beste i Norge, seier han og meiner tenestene kommunen leverer er gode.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK
Kjetil Felde, Fjaler Senterparti

VIKTIGE: Kjetil Felde i Fjaler Senterparti meiner grendeskulane er svært viktige skal ein få folk til å busetje seg også i utkantane av kommunen. Nedlegging går han ikkje med på. – Det gir ungane mindre tid til det ungar bør drive med, leik og fritidsaktivitetar. Ikkje å sitje på buss, seier han.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK
Kari Heier Nistad

MI PLIKT: Kari Heier Nistad sa etter nesten 26 år opp jobben som rektor ved barneskulen i Dale. – Det er mi plikt å seie frå. Når dei ikkje høyrde etter i første omgang, høyrer dei kanskje etter no, seier ho.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fjaler-rådmann Ola Hovland stadfestar at økonomisituasjonen er krevjande.

– Men vi har ei god drift og vi leverer gode tenester, seier han og viser til fleire barometer der Fjaler ligg i landstoppen.

Hovland peikar ut grendeskulane som ein av grunnane til at kommunen slit økonomisk. I tillegg til barneskulen i Dale er det grendeskular i Flekke, Guddalen og Våge. Eksterne konsulentar har påpeika at det berre er fire kommunar i Norge som har færre elevar per skule enn Fjaler.

– At det er innsparingar ved å endre strukturen kjem ein ikkje vekk frå, seier rådmannen.

Politikarane er delte

Gruppeleiar i Fjaler Høgre, Odd Helge Aase, trur nedlegging er tvingande nødvendig.

– Frå kommunegrensa til kommunegrense i Fjaler kan du køyre på ein time, og vi har fire skular. Det er eit politisk meisterstykke om vi får til dette utan å sjå på strukturar.

Flekke skule er blant grendeskulane som har vore truga av nedlegging fleire gonger. Kjetil Felde i Senterpartiet har trua på småskulane og går ikkje med på nedlegging av nokon av dei.

– Eg trur det er skilnaden på om folk vel å busetje seg i Flekke eller Dale. Har ein ikkje ein skule i nærleiken, der ungane slepp å reise med buss, så trur eg ikkje folk vel å busetje seg der.

Den nyleg avgåtte rektoren ved den største skulen i kommunen er derimot klar i talen.

– Fjaler kommune er ikkje stor nok til å ha så mange skular. Ein må prioritere, seier Heier Nistad.