Hopp til innhold

Små fagmiljø hindrar rekruttering

Små tannklinikkar gjer det vanskeleg å rekruttere og halde på tannlegane, seier fylkestannlege Bent Rønnekleiv i Sogn og Fjordane.

tannlege

IKKJE TIL EINMANNSKLINIKKAR: Nyutdanna tannlegar vil helst til større fagmiljø. (Arkivfoto).

Foto: Johan Moen / NRK

I Sogn og Fjordane er det sju ledige tannlegestillingar i den offentlege tannhelsetenesta, og mange tannlegar blir berre verande i nokre få år før dei flyttar vekk.

Små fagmiljø er ikkje attraktivt for unge jobbsøkarar, seier Rønnekleiv.

– Vi har dialog med tannletgestudentane, spesielt med studentane i Bergen, og vi ser heilt tydeleg at det ikkje er særleg attraktivt for nyutdanna å jobbe på einmannsklinikkar.

10 einmannsklinikkar

Å få nye tannlegar til Sogn og Fjordane, og ikkje minst å få dei til å bli, er ei utfordring for fylkestannlege Bent Rønnekleiv. Jobbsøkarane ønskjer eit fagmiljø, men sidan 10 av 32 klinikkar her i fylket er einmannsklinikkar, kan ikkje fylkeskommunen tilby eit fagmiljø overalt.

– Dei ynskjer å jobbe i større fagmiljø der dei kan få rettleiing, og der dei kan stille spørsmål til erfarne kollegaer.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bent Rønnekleiv

- MÅ VURDERE SAMANSLÅING: Fylkestannlege Bent Rønnekleiv.

Foto: Johan Moen / NRK

Må vurdere å slå saman klinikkar

Rønnekleiv seier dei må vurdere å slå saman klinikkar for å sikre gode fagmiljø, og dermed kanskje gjere det lettare å løyse bemanningsproblema.

– Vi må sjå på klinikkstrukturen, vi må byggje fagmiljø og større einingar med god kompetanse slik at det blir lettare å rekruttere nye tannlegar.

Fylkestannlegen får støtte av Morten Rolstad, kommunikasjonssjef i Den norske tannlegeforening.

– Vi ser at det mange stader er lagt ned mindre tannklinikkar og slege saman klinikkar til større einingar. Dermed har dei fått til fagmiljø der dei har fått søkarar og ikkje minst fått dei til å bli nokre år når dei først har kome. Vi trur det er god stimunals i å ha eit større fagmiljø.