Hopp til innhold

Små bygder risikerer å måtte ta imot fleire tusen evakuerte

Dagens cruiseskip har fleire passasjerar enn det bur folk i fjordbygdene dei besøker. Dette kan by på store utfordringar om det skjer ulukker som mannskapet ikkje klarer å handtere sjølve.

Nødetatene stod klare da Viking Sky kom til Molde

EVAKUERING: Eit stor tal redningsmannskap stod klare då «Viking Sky» kom til land i Molde søndag ettermiddag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

For brannsjef John Jatgeir Vinsrygg i Stryn og kollegaene hans er kanskje dette den største utfordringa.

– Det er jo klart ei stor utfordring for oss å ta imot fleire tusen personar på land. Vi må kanskje skaffe hus, mat og gjerne klede ganske kjapt. Det er store utfordringar som er vanskeleg å trene på, men vi har laga oss planar, seier Vinsrygg.

Over 700 skipsbesøk

Nestenkatastrofen med cruiseskipet «Viking Sky» i helga har aktualisert spørsmålet om kor godt budde små turistbygder er dersom det skjer ei alvorleg hending med eit stort skip. Berre Sogn og Fjordane og Hordaland åleine fekk i fjor besøk av over 700 cruiseskip.

Håvard Stensvand

I BEREDSKAP: Fylkesberedskap hos fylkesmannen i Vestland, Haavard Stensvand.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Beredskapssjef hos fylkesmannen i Vestland, Haavard Stensvand, seier dei i fjor laga ei analyse med tre scenario der det var brann i eit cruiseskip på veg inn Sognefjorden, eit alvorleg sjukdomsutbrot eller det som skjedde med «Viking Sky» laurdag, at turistskipet mister motor og styringsevne.

– Dette er tre mogelege hendingar som kan skje med eit cruiseskip, og som vil vere krevjande å handtere for eit lokalsamfunn.

– Kjempeutfordring

Eit cruiseskip har gjerne plass til mellom 4.000 og 6.000 passasjerar. Dei fleste skipa kjem i turistsesongen. Kva om det då skjer ei stor hending som gjer at skipet må evakuerast og alle hotell frå før er smekkfulle med turistar?

– Det vil vere ei kjempeutfordring for kommunar som ikkje er dimensjonerte for slike hendingar. Men ei veldig stor ulukke med eit cruiseskip vil jo vere ei nasjonal katastrofe der vi som nasjon vil mobilisere det som finst av ressursar i landet, seier Stensvand.

– Nye utfordringar for oss

– I utgangspunktet er vi rusta til å vere med å hjelpe til med å sløkke ein brann på ein cruisebåt, seier Vinsrygg, som har cruisehamna i Olden i kommunen sin.

John Jatgeir Vinsrygg

I BEREDSKAP: Brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg.

Foto: Roger Vik

Han vedgår at det meste av brannberedskapen hans er retta inn mot ting som skjer på land.

– Det er litt andre utfordringar enn det vi har på land. Det er eit ukjent miljø for dei aller fleste. Det er høge temperaturar, det er trongt og det er mykje folk om bord.

Har trena på evakuering

Situasjonen er mykje lik hos brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, som har ansvaret for turistmagnetane Flåm og Nærøyfjorden. Mannskapet hans har blant anna trena på å evakuere 700 passasjerar frå eit cruiseskip.

– Det gjekk veldig fint, seier han.

– I sesongen er vi bra rusta med stor busskapasitet, og så har vi toget som har plass til 500 passasjerar. Det skal gå bra å få transportert bort dei evakuerte, seier Sørensen.