Hopp til innhold

Sluttpakkar og pensjonsutgifter kosta nordfjordaviser dyrt

Sluttpakkar og framtidige pensjonsutgifter førte til at både Fjordenes Tidende og Fjordingen gjekk med underskot i 2014.

Fjordingen og Fjordenes Tidende

UNDERSKOT: Både Fjordenes Tidende og Fjordingen leverte raude tal i 2014.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Medan Fjordingen også reduserte inntektene, auka avisa i Ytre Nordfjord inntektene sine, til 21 millionar kroner.

– Vi tok nokre grep i fjor som kosta oss pengar. To nedbemanningar så det er forklaringa på at lønsposten i fjor gjekk vesentleg opp, seier redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

Pensjonsavtalar

Resultatet til Fjordenes Tidende enda i raudt med ein million kroner. Fjordingen sitt årsresultat viser nær 300 000 i minus. Forklaringa ligg i kostnader knytt til pensjonsavtalar, AFP, som konsernet tilbyr dei tilsette, seier redaktør Bengt Flaten.

Bengt Flaten

PENSJONSKOSTNADER: Bengt Flaten er redaktør i Fjordingen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– I vår verksemd så er det to som har takka ja til eit slik tilbod, men det er ingen dramatikk i det. Det er ingen nedbemanning, det er rett og slett kostnadsført pensjonsuttak for 2016 på rekneskapen for 2014, seier Flaten.

Inntektene til avisa fall også på grunn av færre abonnentar og mindre annonsesal.

– Totalbiletet er slett ikkje så gale. Så dersom det ikkje hadde vore for avsetningar til AFP, så hadde Fjordingen enda opp med eit millionresultat i 2014, seier Flaten.

Frå tre til to

Begge Nordfjordavisene mista abonnentar i fjor. Opplaget til Fjordenes Tidende gjekk ned med 127 eksemplar, medan opplaget til Fjordingen gjekk ned med 116 eksemplar samanlikna med 2013. I mai la begge avsisene om strategien. Tre aviser i veka vart til to mot meir satsing på nett.

– Det har gått veldig bra, vi har 3000 av 4000 abonnentar som har registrert seg elektronisk, seier Waage.

– Dei fleste som kjem med tilbakemeldingar seier dei likar to fyldige utgåver i veka betre enn tre tynnare, seier Flaten.

Erling Wåge

MANGE LES E-AVISA: Erling Wåge er redaktør i Fjordenes Tidende.

Foto: odd l. drabløs

I Fjordingen har salet av nettannonsar aukar kvart år, men begge redaktørane merkar eit tyngre annonsemarknad.

– Det starta litt trått i år men det har utvikla seg veldig bra og vi ligg nesten på budsjett når det gjeld annonseinntektene våre, når vi tar med både samkøyring og lokalt. Så det og er positivt, seier Wåge.